Forsikringsselskap ventar fleire skadar under ekstremvêret Gyda

Tryg Forsikring ventar mange skadar i samband med ekstremvêret Gyda. Selskapet fryktar store skadar langs heile kysten, mellom anna i Møre og Romsdal.

Veg stengt: Bilete frå Statens Vegvesen sitt webkamera ved Grotli. Riksvei 15 over Strynefjellet er stengt.  Foto: Statens Vegvesen / NTB

Nyhende

– No blæs det opp, og enkelte fjellovergangar er allereie stengde. Vi fryktar at ekstremvêret kan medføre mange og store skadar, særleg i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.