Lakseoppdrett:

Hevdar villfisk ikkje tek skade av laksefôr

Eit forsøk med korttidsfôring av torsk tyder på at kvaliteten til villfisk som beitar ved oppdrettsanlegg ikkje tek skade av å ete laksefôr.

Fem veker med laksefôr på menyen påverka ikkje torskefileten.   Foto: Frank Gregersen/Norfirma

Nyhende

Med ujamne mellomrom kan ein lese kjensleladde innlegg der fritids- og næringsfiskarar reagerer på at det veltar pellets ut av magesekken på fisken dei sløyer. Det både ser og luktar uappetittleg, og mange meiner denne fisken ikkje er eigna som mat. Men veit vi eigentleg at denne dietten går ut over fiskefileten?