Strandahund ute i hardt vér:

Leah er framleis sakna

Ti år gammal tibetansk spaniel rømde frå heimen sin måndag kveld.

Sky og redd: Prøv ikkje å fange henne, ring heller eigar.  Foto: Privat

Sakna på Stranda: Den ti år gamle tibetanske spanielen Leah er på rømmen.  Foto: Privat

Nyhende

– Det var selskap i heimen i forgårs og mange på besøk. Vi slapp Leah utanfor døra for eit dobesøk og brått la ho på sprang, seier hundemamma Karoline Opsjøn Andreassen på telefonen.