Straumsituasjonen i Geiranger:

– Skånsam utbygging av verna vassdrag kan vere løysinga

Framstegspartiet har teke til orde for at verna vassdrag kan nyttast til produksjon av straum. Frank Sve trur det kan vere løysinga på kraftproblema i Geiranger.

Vasskraft: Frank Sve meiner at vasskraftproduksjon i verna vassdrag i Geiranger kan vere løysinga på straumkrisa i bygda.  Foto: Skjermdump

Nyhende

– Tafjordsjefen seier at der ikkje er mykje potensial i å nytte dei verna vassdraga, men det meiner vi at der er, særleg no når straumprisane går til himmels. Mange elve- og småkraftverk som før ikkje har vore lønsame vil no bli det, seier stortingsrepresentant Frank Sve (Frp) til Nyss.