Velledalen symjehall startar opp nytt tilbod:

Opnar opp for mosjon og trening

Velledalen symjehall har vore stengt for alle sidan midten av desember. No vert det mogleg å trene i bassenget igjen.

Frå venstre: Johan Årdal, Olga Decyk og Lars Inge Sæther er nøgde med å kunne opne hallen igjen.  Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

Etter at dei nye, nasjonale retningslinene for covid-19 vart innført før jul, var det ikkje lenger lov å tilby tradisjonell offentleg bading. Sidan det var uvisst kor lang tid det ville ta før ein fekk starte opp att på vanleg vis, valde styret til Velledalen symjehall først å stenge bassenget.