Færre vitjar biblioteka

Tal frå Fylkesstatistikken viser at Stranda og Sykkylven er mellom dei kommunane i fylket der færrast vitjar biblioteka.

Bøker: Færre vitjar biblioteka.  Foto: Eivind Louis Helset/Arkiv

Nyhende

I Stranda var det 4.500 fysiske besøk i biblioteket i 2020, noko som vil seie at besøk per innbyggjar er på 1,0. Dette er ein nedgang på 1,4. Når det gjeld utlån av e-medium er talet 798. I Sykkylven ver det 8.125 fysiske besøk, og talet per innbyggjar var 1,1. Det er ei på -1,1 sidan 2018. Når det gjeld utlån av e-medium er talet 881. Dei einaste kommunane i fylket som har lågare besøkstal hos biblioteket per innbyggjar er Hustadvika (1,0), Gjemnes (0,9) og Averøy (0,7).