Regjeringa vurderer å innføre koronapass

Helseministeren og statsministeren seier at koronasertifikat for bruk på arrangement og serveringsstader er oppe til vurdering. Saka er sendt til fagetatane.

Ingvild Kjerkol (Ap) under pressekonferansen om koronasituasjonen i marmorhallen.  Foto: Terje Bendiksby / NTB

Nyhende

– Vi har vurdert det, og vil vurdere det i fortsetjinga òg, sa helseminister Ingvild Kjerkol på spørsmål om innføring av koronapass.

Det kjem fram i det faglege grunnlaget til helsestyresmaktene at FHI ikkje vil tilrå bruk av koronasertifikat som eit førebyggjande tiltak i Noreg.

Kjerkol understreka at lovheimelen for koronapass i dag gjeld for lettar i tiltak som kan innførast av kommunane. Ho sa at det trengst ein ny lovheimel for å bruke det på ein annan måte.

– Det er eit forslag vi sender på høyring, men då må Stortinget sjå på det, og då tek det lengre tid, sa Kjerkol.

Statsminister Jonas Gahr Støre sa at regjeringa er i kontakt med fagetatane for å få dette greidd ut godt, men peika på at europeiske land med omfattande bruk av koronapass ikkje har opplevd spesielt mykje lågare smitte eller mange fleire vaksinerte av den grunn.

– Vi er på ein god kurs i Noreg no med at stadig fleire vaksinerer seg, og frivilligheitslinja har gitt resultat. Eit koronasertifikat er absolutt noko vi skal vurdere ut frå det smittebiletet som er, sa Støre.

(©NPK)