Overvakinga av Åkneset er utsett for hærverk

Åknes/Tafjord Beredskap er utan backup for dataoverføring frå Åkneset. Stasjonen på Geitfjellet er sett ut av spel på grunn av hærverk.

Straumkabelen som er kutta aver om lag 2 cm i diameter og svært solid. Den oransje strømpa utanpå er omtrent usliteleg, inni er det fem grove leiarar og det er spunne sterke nylontrådar rundt, fortel Kjell Jogerud  Foto: Åknes/Tafjord Beredskap IKS

Dagleg leiar Kjell Jogerud ved Åknes/Tafjord Beredskap kjenner til hærverk mot skredvarslingsanlegg i blant anna Kanada, men har ikkje opplevd det på sine eigne stasjonar. 

Nyhende

Onsdag flaug eit helikopter opp dieselaggregatet som blei utsett for torevêr på det 1615 meter høge fjellet tidlegare i år.

– Aggregatet er på plass, men det er ikkje noko straumforsyning til anlegga der oppe. Årsaka til det er at det har vore hærverk der oppe ein eller annan gong i haust. Då kablane skulle koplast til var det ingen kablar å sjå i det heile tatt inne i koplinga til Breiband.no. Der var kablane rett og slett dratt ut og i andre enden mot aggregatposisjonen var straumkablane kappa av, eller høgd av. Og 40 til 50 meter med kablar var fjerna, fortel dagleg leiar Kjell Jogerud ved det nasjonale senteret for fjellskredovervaking som held til på Stranda.

Ingen harepus som har gjort

– Så her er det klart at det er hærverk og ikkje uvêr som har røska ut kablane?

– Nei, nei, nei, dette er vanvittig solide kablar som ligg på bakken. Det er såpass kraftig gods at det er berre så vidt vi får opna dei for å skøyte og kople. Og 40 til 50 meter med kabel er tungt, så det er ikkje noko som ein røyskatt eller harepus kastar over skuldrane og ber av stad, seier Jogerud.

Det er første gong at Åknes/Tafjord Beredskap IKS opplever hærverk på anlegga sine. Og i dette tilfellet rammar det også internettkundar som har fått signal frå Breiband.no sitt anlegg på Geitfjellet, sidan det  er avhengig av straum frå Beredskapssenteret sitt aggregat. For å få sambandet til å fungere igjen må senteret opp med nye kablar, koblingsskap med meir. Og det må settast opp nye antenner både på Geitfjellet, Roaldshorn og Åkneset, for å ikkje måtte overføre data via anlegget til Breiband.no, som kanskje avviklar på Geitfjellet.

Utan reserve

–Vi har køyrt ut data dels via antennesystemet til Breiband.no, no må vi køyre opp vårt eige. Det blir ein ekstra kostnad for oss, og for det andre har vi ikkje nokon backupoverføring no for dataoverføring frå Åkneset. No har vi berre ein radiolinkforbindelse inn til beredskapssentereret. Og viss den dett ned, har vi ikkje noko reserveløysing før vi har fått gjort den jobben igjen på Geitfjellet.

Rammar samfunnsberedskap

– Kva tenkjer du om hærverket?

– I utgangspunktet er det alltid trist når nokon øydelegg noko. Du kan lure på motivasjonen, men det er ganske ille når dette skjer på anlegg og installasjonar som har med samfunnsberedskap å gjere. Vi har trass alt etablert overvaking for at folk i fjordkommunane skal vere trygge i forhold til fjellskred og tsunami. Føresetnaden for at vi skal levere den jobben er at overvakingssystema verkar og at vi får data inn på beredskapssenteret. Vi har meir enn nok med kampen mot naturkreftene for å halde dette oppe, om ein ikkje  då i tilligg skal forholde seg øydeleggingar frå menenske.

Jogerud fortel at dei har meldt saka til politiet. Han ventar ikkje at det fører fram, men meiner det er naturleg å melde ei så alvorleg sak.

Må ha sitt eige samband

– Vi er avhengige av å få måledata frå fjellet og inn til beredskapssenteret så vi kan jobbe med det og analysere kva som skjer i fjellet. Internett er ikkje noko påliteleg løysing, for det ramlar ned stadig vekk. Så vi har våre eigne overføringssamband med radiolinkar og dobbelt opp så vi har to kanalar å overføre data i tilfelle vi skulle få havari. Og no er det altså eitt system som er i drift i Åkneset. Så viss det ramlar ned, får vi ikkje inn nokon overvakingsdata frå Åkneset.

Dagleg leiar ved beredskapssenteret reknar med at det vil ta nokre veker før stasjonen på Geitfjellet er i drift igjen.


Får ikkje internettsamband

Breiband.no sine fortvila kundar i Sunnylven og Geiranger får likevel ikkje tilbake internett denne veka. Det konstanterer selskapet etter å ha fått rapport om tilstanden på Geitfjellet.