Ynskjer å hjelpe andre

Mykje fritid blei forretningsidé for Tore.

Tore Løvlid har nyleg blitt bedriftseigar med firmaet «Din Hjelper». No ynskjer han å hjelpe andre med gjeremål som utvendig vask av hus, vedløing, haust- og våronn i hagen, og mykje meir. 

Nyhende

Tore Løvlid ynskjer gjerne å hjelpe andre. Sidan han har ein fulltidsjobb som forpleiingsassistent i Nordsjøen, og med det er heime i fire veker i slengen, fann han ut at han kunne starte for seg sjølv.

– Ho veit kanskje ikkje om det sjølv, men det var mor mi som gav meg ideen, smiler Tore.

Bedriftsideen som han no setter ut i livet er å kunne vere ein slags handyman, eller lokal vaktmeister.

I første rekke tenkjer han på eldre som kanskje treng hjelp til gjeremål som plenklipping, reinsking av takrenner eller til dømes å byte batteri i brannalarmen.

– Men eg hjelper gjerne alle, også hytteeigarar, seier den nye bedriftseigaren.

Meining i kvardagen

Når Tore no er ferdig med å pusse opp sitt eige hus på fritida, ser han at han har tid til overs.

– For meg handlar det om å fylle dagen med noko meiningsfylt, seier han.

Jobbar som hagearbeid og vedløing hadde vore ideelle. Men, om det er nokon som treng hjelp til å montere møbel eller legging av klikkgolv, så stiller han gjerne opp på det også.