Møbelfirma går mot straumen

– Alle står på for kundane våre, og det er berre smil å sjå, seier hovudtillitsvald Harry Malmo.

Glad gjeng: Knut Olav Brendemoen, Vladimir Petrovic og hovudtillitsvald Harry Malmo synest det er kjekt å vere på jobb, og fortel om ein arbeidsgjeng som står på for fullt for å ferdigstille ordrane før jul. Overtid og laurdagsjobbing er ikkje norma i møbelbransjen i desse dagar, men Stranda-firmaet gjer det godt i marknaden – noko dei har gjort over fleire år. 

Sluttprodukt: Prosessen går frå møbelstamme til ferdig produkt på Stranda-fabrikken. 

Nyhende

Smile har dei all grunn til – for møbelprodusenten gjer det godt.

Det har vore fleire medieoppslag om negativ utvikling i møbelbransjen, men det er ikkje tilfellet for Slettvoll Møbler AS på Stranda. Fabrikken på syr, trekkjer og monterer møblane etter ordrar. Slettvoll har også 19 Slettvollbutikkar i Norge og Sverige, ifølgje selskapet si nettside.

LES HEILE REPORTASJEN i SUNNMØRINGEN.

Stor vekst

– Ut førre veke har vi ein vekst på 13,8 prosent for 2014, opplyser fabrikksjef Jens Peter Brunstad.

Firmaet produserer til 19 butikkar, seks av dei eig dei sjølve. Resten er franchisebutikkar.

– Veksten er størst i Sverige. I Stockholm, som er ei av dei største butikkane våre, har vi ein vekst på 35, 3 prosent hittil i år, seier Brunstad.

– Det er eit signal om at vi gjer ting riktig, meiner Malmo.

– Det at vi har hand om alle ledda i verdikjeda, også butikkane, har styrka oss, meiner administrerande direktør Kristine Landmark.

Nødvendig med laurdagsjobbing

Produksjonen i Stranda går for fullt, for å ferdigstille ordrane før jul. Laurdagsjobbing og overtid må til.

– Det er vanvitig kjekt. Vi søkte nettopp etter nye folk, så vi er litt kjerringa mot straumen, smilar Malmo. Han skryt av leiinga ved fabrikken.

– Det blir jobba godt i alle ledd. Det har vore ei fantastisk utvikling, og då er det moro, seier han.

LAST NED, les meir, og sjå fleire bilde i laurdagsavisa 29. november.