Lied fråtrer som rådmann

Stranda kommune og rådmann Per Ivar Lied har i dag blitt einige om å avslutte Per Ivar Lied sitt arbeidsforhold i Stranda kommune.
Nyhende

Lied fråtrer stillinga som rådmann frå dags dato.

Assisterande rådmann Kjartan Lied er i dag konstituert som ny rådmann inntil vidare.

Dette melder Stranda kommune i ei pressemelding.

I avtalen som er inngått mellom Lied og Stranda kommune, kjem det fram at Lied si oppseiing gjeld frå 31. desember 2014.

Han får ei etterlønn tilsvarande 7 månader løn frå 1. januar utan arbeidsplikt, og Stranda kommune dekkjer Lied sine advokatutgifter etter rekning.

Brukte hasteparagraf

Formannskapet hadde møte fredag føremiddag for å sluttbehandle statleg overtaking av Åknes/Tafjord Beredskap IKS pluss denne saka.

I ein lukka del av møtet vart formannskapet omgjort til kommunestyret i samsvar med hasteparagraf 13 i kommunelova. Møtet vedtok samrøystes følgjande: "Stranda kommune godkjenner sluttavtalen datert 19.12.14 melom Stranda kommune og Per Ivar Lied slik den ligg føre".

– Har vore ein grei dialog

Per Ivar Lied seier i ein kort kommentar til Sunnmøringen at han har sagt opp og at det har vore ein grei dialog med kommunen.

Ordførar Jan Ove Tryggestad vil ikkje kommentere saka, men opplyser at avtalegrunnlaget vil bli offentleggjort måndag, når begge partar har fått signert.

Etter det vi har grunn til å tru vil det der også gå fram kva sum Lied vil få i samband med at han sluttar.

Tysdag kveld var Sunnmøringen først ute med meldinga om at Per Ivar Lied har søkt stillinga som rådmann i Ålesund.


Lied vil bli rådmann i Ålesund

Rådmann i Stranda Per Ivar Lied har søkt stillinga som rådmann i Ålesund.



– Ein svært spennande jobb

Per Ivar Lied har stått sentralt i snuoperasjonen i Stranda. No har han søkt stillinga som rådmann i den ferske Robekkommunen Ålesund.