Meiner Sunnmøringen kom med ærekrenkelse

Ole Jørgen Sve meiner artikkelen om Storfjord Ridesenter i Sunnmøringen sist veke var injurierande, og melder avisa til politiet.

Ole Jørgen Sve meiner artikkelen i Sunnmøringen var injurierande. 

Nyhende

Onsdag 10. april skreiv Sunnmøringen om ein arbeidskonflikt ved Storfjord Ridesenter, som like før påske blei slått konkurs.

Polske Karolina Próchniak og sambuar Janusch Kowalski fortalde om sitt forhold til arbeidsgjevaren, der dei meinte ho hadde fått sparken på dagen fordi ho var gravid og i ein periode der dei kravde registrering hos skatteetaten. Dagleg leiar i Storfjord Ridesenter avviste desse skuldingane, og sa at det var den økonomiske situasjonen til ridesenteret som gjorde at Próchniak fekk melding om oppseiing, og at denne blei gitt med éin månad varsel.

No reagerer Ole Jørgen Sve på at denne historia kom på trykk i Sunnmøringen. Han har gjennom sin advokat Bjarte Aambø saksøkt Sunnmøringen for ærekrenkelse.

Sve meiner han feilaktig blir framstilt som ein kynisk eigar av ridesenteret og utnyttar ei ung kvinne i ein sårbar situasjon. Sve opplever skuldingane som særs ubehagelege for seg og sin familie, og at det øydelegg for eigen næringsverksemd.

Ole Jørgen Sve skriv i søksmålet at han også vil prøve saka inn for pressens faglege utval.

Redaktør i Sunnmøringen Bjørn Arild Hatlem seier han er overraska.

- Det er underleg at søksmålet blei sendt til nyhetsredaksjonen til Sunnmørsposten, utan at eg har blitt kontakta av Sve eller advokaten. Eg er også overraska over at Sve går til dette skrittet. Han har kome rikeleg til orde i den artikkelen som stod på trykk sist onsdag, der vi formidlar hans versjon og korleis ho opplevde saka. Etter mitt syn, var dette ein godt balansert artikkel.