Sunnmøringen frikjent av PFU

Pressens faglege utval meiner Sunnmøringen ikkje har brote god presseskikk i Ridesenter-saka.

Redaktør Bjørn Arild Hatlem seier det er gledeleg, men ikkje overraskande, at PFU frikjenner Sunnmøringen i Ridesenter-saka. 

Nyhende

Dagleg leiar i det konkursråka Storfjord ridesenter, Ole Jørgen Sve, klaga Sunnmøringen inn for Pressens faglege utval (PFU) etter ei sak om oppseiing av ein tilsett.

Sve meinte at tittelen og inngangen av artikkelen var farga av motparten si historie.

PFU seier: «Pressens Faglige Utvalg kan forstå at klager (Ole Jørgen Sve, red. anm.) finner artikkelens vinkling balastende. Når det er sagt, har utvalget gjentatte ganger uttalt at å finne en vinkel, ståsted man ser en ting fra, må være presseetisk akseptabelt, så lenge de andre presseetiske kravene er innfridd».

PFU meiner det kjem tydeleg fram i artikkelen at dette er påstand mot påstand, og at Sunnmøringen ikkje opptrer konkluderande - men refererer til ei identifisert kjelde.

«På bakgrunn av dette kan ikke utvalget se at avisen skal ha opptrådt på en slik måte at god presseetikk er brutt. Utvalget konkluderer med at Sunnmøringen ikke har brutt god presseskikk».

Redaktør Bjørn Arild Hatlem seier uttalen frå PFU er gledeleg, men ikkje overraskande.

Her omtalar vi klagen frå Ole Jørgen Sve.