Vedtok lik eigedomsskatt

Kommunestyret i Stranda vedtok onsdag kveld at promillesatsen for eigedomsskatten for hytter og fritidsbustadar skal vere like høg som for hus og andre eigedomar.

Kommuneleiing og gruppeleiarar samla seg etter budsjettdebatten for å drøfte kva ein skulle vedta. F.v.:Jan Ove Tryggestad, Svein Lunde, Per Ivar Lied, Ståle Anker Ljøen, Kjartan Lied, Frank Sve, Sissel Mehl, Jostein Hole, Arild Ringdal og Petter Hjørungdal. 

Nyhende

Skattesatsen blir auka til fire promiller for alle slike objekt. Det vedtok kommunestyret med 16 røyster. Framstegspartiet og Inge Gjerde frå Høgre støtta ikkje dette vedtaket.

I møtet 2. desember vedtok formannskapet i Stranda ein lågare promillesats (tre promiller) for hytter og fritidshus enn faste bustader (fire promiller). Dette var etter forslag frå Sp-ordførar Jan Ove Tryggestad.

Les om formannskapsvedtaket her.

Seinare har det kome fram i dialog med Fylkesmannen og kompetanse både i departementet og KS at ein ikkje har høve til ei slik differensiering.

Etter ein lang debatt i samband med budsjettet for 2014 vedtok eit klart fleirtal i kommunestyret å gå for fire promiller som skattesats for alle.

Protokolltilførsel frå Frp

Framstegspartiet ved Frank Sve kom med protokolltilførsel til budsjett 2014 –økonomiplan 2014-2017: "Stranda FrP er sterkt imot innføringa av eigedomsskatt i Stranda som eit fleirtal har vedteke. Derimot tek vi ikkje omkamp på dette vedtaket, og respekterar fleirtalsvedtaket. Den økonomiske debatten i Stranda har frå vår side vore innføring av eigedomsskatt, kontra sal av Stranda energi as, der vi er sterkt imot eigedomskatten generelt. Vi kjem til å arbeide sterkt for å redusere eller fjerne heilt eigedomsskatten i Stranda, så raskt som råd. For budsjett 2014 er det ikkje avklart om det blir sal av Stranda energi as eller andre inntektspotensialer for kommune. Derfor stemmer vi for budsjettframlegget, men ynskjer ein klar profil i eigedomsskattesaka der fritidsbustadar må få lågare skattesats. Gjeldande økonomiplanen er vi sterkt imot ein ytterlegare auke av eigedomsskatten, men vel å ta dette i det økonomiske arbeidet med budsjett 2015 og for dei seinare åra, då rådmannen har varsla eiga sak ang eigarskapsmelding også med vurderingar gjeldande eit framtidig eigarskap av blant anna Stranda energi as".

Sunnmøringen kjem tilbake med meir, særleg i avisa laurdag.