Barlia FK markerer 20 år

Initiativtakar seinhausten i 1994 var Joakim Sørå, og det er framleis han som held aktiviteten varm.

Barlia i 1996: Framme f.v.: Mersad Hodzic, Lars Thore Søvik og Fredrik Malmo, bak f.v. Espen Hove, Christian Malmo, Ingar Arne Kleppe og Joakim Sørå. (Foto: Privat) 

Nyhende

Med ei rikhaldig nettside er den ultralokale fotballklubben i Barlia særs godt dokumentert. Likevel er ikkje dette klubben for tilbakeblitt åleine: førebuinga til neste års 20-års jubileum er godt på veg. Aller først på nyåret ventar deltaking i Nattcup, også den turneringa 20 år i 2014.

Her er nettsida til Nattcup.

Ny klubbsong

For ivrige tilhengjarar av Barlia FK har nok fått med seg smakebiten av den nye klubbsongen som laget spelte inn i studio i Bergen i haust. Musikkvideoen er i anmarsj – det er berre å glede seg.

Flytta ut av Barlia

Dei 14 unge 10-12-åringane som var med på å starte Barlia FK har etter kvart stort sett flytta seg ut av grenda og kommunen.

Dagens tropp, som består av 12 spelarar bur for tida anten i Oslo, Bergen, Ålesund, Odda, Stordal, to studerer i Nottingham i England og i Perth, Australia. Éin av spelarane er på Stranda.

Igongsetjaren sjølv, Joakim Sørå, er den som har busett seg i Odda dei siste åra.

– Etter at eg avslutta studiar i Bergen flytta eg saman med kjærasten til Odda i 2010, men det er ikkje vanskeleg å administrere klubben frå Hardangers hovudstad, fortel han.

Tilbakeblikk

Joakim Sørå fortel at fleire av spelarane har vore med sidan starten. Det er Joakim Relling, Brynjulf Frøysa, Espen Hove og han sjølv.

– Dei aller fleste av resten har vore med i over ti av dei 20 åra klubben har eksistert, fortel Sørå vidare.

Les stor reportasje, og sjå korleis laget ser ut i fjor i Sunnmøringen si juleavis.