Såg ulv på Hellesylt

Blei overraska på veg til jobb.

  Foto: Foto: Chris Muiden

Nyhende

Onsdag morgon gjorde Jan Pedersen, som bur på Øye og arbeider i Stranda, ein heller uvanleg observasjon for å vere på desse kantar. Han såg nemleg ein ulv.

– Eg var på veg til jobb i bilen. Like før vegen går nedover til Tryggestad, fekk eg auge på ulven som sprang over vegen.

Den stod i skogkanten i 15 sekund. Dette måtte eg ha bilete av, tenkte eg. Eg byrja å rulle ned vindauget, men det skapte tydelegvis nok støy til til at ulven forsvann, fortel Pedersen.

Sjølv etter observasjonen av dyret, vedgår Pedersen at han ikkje var heilt sikkert på kva han hadde sett.

– Eg var i tvil om kva det kunne vere. Dyret var litt større enn ein schæfer og noko lysare i pelsen enn kva ulvar vanlegvis er.

 Men så fekk eg etter kvart vite at det nyleg er observert ulv i Oppstryn og i Sunnylvsbygda, og då blei eg straks mykje tryggare på at det faktisk var ulv eg såg, slår Jan Pedersen fast.