Jaktar ulv i Strandadalen

Har fått fellingsløyve frå fylkesmannen.
Nyhende

Laurdag kveld blei det observert ulv i Strandadalen. Mest truleg er dette same ulven som blei sett på Hellesylt onsdag morgon.

Denne gongen er observasjonen klassifisert som sikkert, og Stranda kommune har no organisert jakt på rovdyret.

- Vi har fått fellingsløyve frå fylkesmannen, og den er løpande. Jakta blir leia av Ove Nordang i viltnemnda.

Han har vore ute i heile natt, men har framleis ikkje sett noko, fortel ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad.

Ifølgje Tryggestad er ulven mest truleg ein ung hanne og han meiner det er viktig at den blir fjerna før den gjer skade.

- Det er ikkje til å leggje skjul på at den kan utgjere ein stor trugsel for sauene i området, understrekar han.

Dersom nokon skulle få auge på ulven i Strandadalen, eller andre stadar, oppfordrar ordføraren dei til å ta kontakt med Nordang snarast.