Sambuarparet Laila Brunstad-Kvaløy og Svein Magnus Kvaløy seier at god kommunikasjon er avgjerande for å leve i eit ikkje-monogamt forhold. Foto: Christine Fohlin Verneland

Laila og Svein Magnus har eit polyamorøst forhold: – Det kan vere ein kjenslemessig ekstremsport

– Tanken på at eg skal vere alt for berre ein person gjer at eg føler meg kvelt, seier Laila Brunstad-Kvaløy frå Sykkylven. Ho og sambuaren Svein Magnus er polyamorøse og har eit ikkje-monogamt forhold.