Avdelingsleiar Ben Dando i Norsar opplyser om at skjelvet skal ha hatt ein styrke på 4,1.

Episenteret er 60 kilometer nordvest for Flora, seier Dando.

– Sannsynlegvis fører det ikkje til skadar, men man vil tydeleg merke det.

Han seier det har vore gjentatte skjelv i dette området tidlegare.

– Noko stort hadde køyrt inn i huset

Også Synnøve J Skeide i Ulsteinvik merka skjelvet godt.

– Det rista skikkeleg i huset og eg høyrde ein rumlande lyd. Eg kipte meg og første tanke var at noko stort hadde køyrt inn i huset, skriv ho i ein e-post til Sunnmørsposten.

Edel Hjørungdal Kalvø seier at ho merka det godt der ho bur på Skjongholmen i Giske kommune.

– Vi bur i 3. etasje. Eg sat i sofaen, eg høyrde ikkje noko spesielt, men merka det rista godt. Det varte ikkje veldig lenge, men eg tenkte oi!

Kalvø har opplevd sterkare skjelv, også på Sunnmøre.

– Det var ikkje like ille denne gong, seier ho.

Janne Skarstein kulturhusleiar i Ørsta seier til Sunnmørsposten at ho merka at det rista i bygningen.

Rune Skog i Giske kommune seier at han merka at rådhuset bevegde seg.

Solveig Vinje i Geiranger seier at det braka og huset rista nokre sekund.

Trudde huset skulle rase

Også Fjordenes Tidende i Måløy har fått meldingar frå Kinn, Bremanger og Stad om det folk opplever som eit kraftig jordskjelv.

– Eg låg på sofaen og skulle slappe av ei lita stund. Og så kom smellet. Eg trudde huset skulle rase. Eg har høg puls no, seier ein innbyggar i Måløy til Fjordenes Tidende.

Fjordenes Tidende skriv at ifølgje emsc-csem.org hadde jordskjelvet ein styrke på 3,3 og trefte utanfor vestkysten av Norge, berre 31 kilometer sørvest for Florø og 131 kilometer nordvest for Berge.