– Det var sterkt å heise det ukrainske flagget saman med inviterte gjester, mellom anna ukrainske flyktningar, som spontant song den ukrainske nasjonalsongen, seier stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap).

Flagga vart heist klokka 8. Markeringa viser at Noreg står saman med det ukrainske folket, og at Ukrainas kamp for demokrati og fridom er kampen vår, meiner Gharahkhani.

– 24. februar 2022 vil for alltid vere ein mørk dag i historia vår. Datoen har endra Europa og verda. For Stortinget er det viktig å markere denne dagen, derfor heiste vi det ukrainske flagget saman med det norske, seier han.

(©NPK)

Det norske og ukrainske flagget blir heist på Løvebakken utanfor Stortinget eitt år etter Russlands invasjonen av Ukraina. Foto: Hanna Johre / NTB / NPK