Onsdag 3. august la Velledalen IL ut ei tekst til minne om Odd Kåre og Ole André Fet, som Nyss fekk lov til å dele både av laget og av pårørande.

Eit annleis år langs skogsvegen på Fet

«Talet på noteringar i boka på Fet ber nok preg av den tragiske hendinga for snart eitt år sidan. Odd Kåre og Grete var trufaste på posten kvar einaste dag. Mange synest kanskje det er vanskeleg og tøft å gå turen på Fet i ettertid av ulukka.

Men det er samstundes trist at folk ikkje går på trimposten. Odd Kåre likte å møte folk på vegen og slo alltid av ein lang prat. Han var oppteken av å vere i god fysisk form og ville heilt sikkert vore glad om folk gjekk den fine vegen ut til trimkassa på skogsvegen. Det kan hende at han ville ha oppmoda folk om å gjere det.

Vi skal aldri gløyme, men skal ta vare på gode minne og med takknemlighet og respekt gå turen som betydde så mykje for ein av våre kjære.»

Tekst av Velledalen IL.