Å prøve å fortelje om heile livet til Lars Lui Opshaug i ei helgasak i Nyss er ikkje mogeleg. Denne mannen som nyleg fylte 90 år, har vore med på meir enn dei fleste av oss.

Lui er mest kjent for å vere han som starta med lakseoppdrett på Stranda. Han var også ein føregangsperson i dette arbeidet i vårt distrikt. For ei kort stund sida vart Lui invitert over til Hofseth sitt anlegg ved Urdaneset. På båtturen over Storfjorden fekk vi eit lite innblikk i korleis det heile starta og kva han tenkjer om oppdrettsnæringa i dag.

– Eg vil ikkje høyre at det var eg som kom opp med oppdrett i vår region, for det var det nemleg sykkylvingane som gjorde, seier Lui nesten litt bryskt.

Andrè og Elisabeth Skarbø inviterte Lui og kona Haldis på helikoptertur over Storfjorden den dagen han feira 90-år. Foto: Privat

Frå rogn til fisk

Dermed fekk vi servert historia om sykkylvingane som dreiv med oppdrett av aure i jorddammar på land allereie tidleg på 60-talet. I denne tida arbeidde Lui på Ringstad kjøttfabrikk og reiste rundt i fylket og kjøpte opp svin til slakt.

– Det var då eg såg kva som var i gjerde, at fleire på ytre Sunnmøre var i gang med oppdrett av fisk i sjøen. For å gjere ein lang historie kort, tok det ikkje lenge før eg bygde mitt første klekkeri i garasjen mi tidleg på 70-talet. Etter kvart slutta eg på Ringstad for å satse på oppdrett og for å lære meg faget. Garasjen blei snart for lita og dermed flytta eg klekkeriet ned i løa i Uksavika. Her fekk eg plass til fleire kar, i tillegg til at eg fekk betre tilgang til vatn, seier han.

I 1984 var bygginga av slakteriet til Sal-Nor godt i gang. Den gamle løa er heilt til venstre. Foto: Sunnmøringen

Det vart mykje prøving og feiling dei neste åra, men snart hadde Lui, med god hjelp frå Arnljot Vike, bygd opp eit lite smoltanlegg. Firmanamnet vart Sal-Nor, og her kjøpte dei lakserogn som dei fekk befrukta, og dermed kom lakseyngelen til. Når også løa vart for lita i starten på 80-talet, blei det bestemt å bygge eit større bygg der ein fekk plass til både klekkeri og slakteri, og det er i dette bygget Hofseth held til i dag.

Det var Lui som var hjernen bak utforminga av både klekkeriet, slakteriet og smoltanlegget. Sjølv om han etter kvart fekk god hjelp, så var det han som tenkte ut dei fleste tekniske løysingane etter kvart som anlegget tok form. Alle røyr, vasskoplingar og anna teknologi som var naudsynt tenkte Lui ut sjølv. Han var reine Reodor Felgen i denne tida og det er mange ungdommar i bygda som har hatt sin første sommarjobb nettopp på Sal-Nor.

Lui var også tidleg ute med å samarbeide med forskarar frå Universitetet i Bergen. Han forstod tidleg at oppdrettsnæringa måtte takast seriøst og at ein måtte søke ekstern hjelp til vidare utvikling. Han stilte også både smolt og fisk til dispensasjon når forskarane skulle kome fram til nye fortypar og lære om nye sjukdomar og vaksinar.

Andrè Skarbø har lært mykje av Lui opp gjennom åra og sit i dag i dei same lokala Lui sat då han hadde Sal-Nor. Foto: Randi Ansok

Åt ikkje levande dyr

Å arbeide med fiskeoppdrett har ført med seg mange artige opplevingar og Lui er utømmeleg når det gjeld å kome opp med historier han har vore med på sjølv, eller høyrt andre har fortald.

Ein gong Lui og nokre andre nordmenn var på forretningsreise til Japan for å selje fisk, blei dei invitert til middag. Og i Japan takkar ein ikkje nei når ein får servert noko. Under ein middag var ein av rettane levande larver. Dei andre pressa maten ned i rein høflegheit, men når det var Lui sin tur sa han, snartenkt som han er, at han tilhøyrde ein religion som nekta han å ete levande dyr. Dermed slapp han unna, til dei andre nordmennene si fortviling.

Fôringsflåten har no blitt døypt Lui. F.v.: Isak Tafjord, Olav Farstad, Håkon Lind, Pål Lind og Lui Foto: Randi Ansok

– Har staka nok vassrøyr

Når vi spør Lui om han hadde valt å arbeide i oppdrettsnæringa om han hadde vorte ung att i dag, svara han tvert nei. Sjølv om han ser at alt er annleis i dag, sit minna om kor hardt det var å starte opp framleis klårt for han.

– Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg stod oppe i elva og staka opp islagde røyr, anten det var midt på natta eller på sjølvaste julekvelden. Heller ikkje kor vanskeleg det var å få økonomisk stønad, og få ting til å gå rundt i oppstartsfasen. I dag spring investorane etter alle som driv med oppdrett, medan mange ikkje forstod kva eg ville med dette då eg starta opp, seier Lui.

Men han kan ikkje få skrytt nok av det han ser går føre seg i Storfjorden i dag og kva både André Skarbø og Hofseth har fått til.

Lars Lui Opshaug held seg godt for å vere 90 år. Foto: Randi Ansok

– Veit du kva? Eg har forelska meg, og då snakka eg ikkje om ei ny dame, for kona Haldis er nummer ein, men om Hofseth sitt fôringssenter inne i Uksavika, seier han.

– I moderne lokale der veggane er dekte av TV-skjermar, sit det eigne fôringstilsette som passar på alle anlegga i Storfjorden. Med kamera både over og under vatn kan dei følge med på korleis fisken har det, kor mykje den et til ei kvar tid og korleis ein kan redusere svinnet på fôr som før dalte rett til botnen. Dette rommet og denne teknologien er berre heilt fantastisk. Og dei som er slik i mot oppdrettsanlegga i fjorden veit ikkje kva dei snakkar om, avsluttar han.

André Skarbø, som både stod bak dåpen av fôringsflåte, i tillegg til å arrangere helikoptertur på Lui og kona i bursdagsgåve, er også takksam for alt Lui har gjort. Skarbø, som sjølv har nærast vakse opp i Sal-Nor bygget og har følgt Lui i over 40 år, kan ikkje få skrytt nok av mannen.

– Lui har gått føre og vist veg og har skapt ringverknadar for fleire langs Storfjorden. Både eg og dei i Hofseth er veldig takksame for grunnarbeidet han la ned og at han alltid har delt kunnskapen sin. Han har også gitt mange unge arbeidserfaring ved anlegget, noko eg trur dei fleste ser tilbake på som ei artig og lærerik tid.