No er nasjonaldagen rett rundt hjørnet! Vi i Nyss ønskjer dermed å starte ein liten konkurranse, der alle deltakarane er med i trekninga av ein fruktkurv med diverse i.

For å delta i konkurransen må du sende inn ditt beste/koselegaste bilete frå 17. mai med ei lita skildring av biletet. Desse må sjølvsagt vere heimehøyrande til våre to kommunar. I tillegg vil vi at bileta skal vere i breiddeformat (liggande) og i god oppløysing.

NB! Innsende bilete kan verte brukt i redaksjonell sak i neste veke.

Send inn ditt bidrag til redaksjon@nyss.no og merk e-posten med «Nasjonaldagen». Eller legg att ditt bilete i kommentarfeltet i innlegget på vår Facebook-side. Vinnaren vert kåra og presentert tysdag 21. mai.

Vi ønskjer alle ei fin feiring.