Oppdatert: Lila er no trygt heime

Det blei ei forsvinning på litt over eit døgn før Lila kom til rette i dag ettermiddag. Marit Pedersen kunne fortelje på telefon at hunden er frisk og fin og framstår svært stolt av seg sjølv.

– Det var naboen her, Glen, som fann Lila saman med hunden sin Jacks. Jacks hadde varsla at det var noko i nærleiken, og Lila hadde reagert på han. Det er veldig kjekt at ho endeleg er heime att, seier Pedersen og ler av Lila som underteikna kan høyre er svært pratsom i andre enden.

Søket

Lila er ein fem år gammal siberian huskytispe, på om lag 18–19 kilo. Før ho forsvann tidleg tysdag var ho festa til ein vaier i ein hage om lag to og ein halv kilometer aust frå Hellesylt sentrum på ei Bygda-adresse.

Det har vore gjort ein observasjon av det som kan ha vore Lila på formiddag i går på brua ved Hellebostad, om lag ein og ein halv kilometer frå der ho forsvann, men ingen veit kvar ho kan ha tatt vegen vidare.

Marit Pedersen er eigaren til Lila, ho fortel at hunden har vore med på å gå tur på Hellesylt, men at ho likevel ikkje er godt kjend. Det kan difor også vere ei moglegheit at hunden har tatt vegen nordover mot Trondheim.

Bekymra

Trass i at Lila er ein frisk og sterk hund er Pedersen bekymra då ho mest sannsynleg har ein vaier på 1,3 meter hengande fast i halsbandet.

– Det heng nok der, då den er vekk frå hundehuset. Med den på seg så kan ho risikere å bli sittande fast ein stad, fortel ho.

– Eg er redd og trist, men eg vonar at oddsen er på mi side. Lila er ein natursterk hund.

Lila er svært glad i andre hunder og er roleg og flink med mennesker. Foto: Privat

Snill hund

Lila kjenner namnet sitt og lyttar om ein bruker det.

– Ho er også veldig glad i mat og andre hundar. Det beste trikset for å finne ho vil nok vere å ha med seg ein annan hund i band, då kjem ho gjerne nært. Elles er ho tillitsfull når det kjem til menneske, men ho er også eventyrlysten, fortel Pedersen.

Vidare fortel ho at det kan vere sannsynleg at hunden er i skogen ein stad, då Lila er svært glad i natur. Ho blir brukt mykje i friluft elles.

– Lila er ein roleg og snill hund, eg vonar at ho kjem til rette før søndag, for då skal eg reise attende til Trondheim. Men eg vil ta det dag for dag. Kjem ho ikkje tilbake før søndag må eg vurdere å vere att litt lenger, avsluttar Marit Pedersen.