24. februar vil gå ned i historiebøkene som dagen den russiske presidenten starta invasjonen av Ukraina. I byen Zjytomyr sov Natalia då ho vakna til det ho skildrar som rare lyder, og blei skremt.

– Kva gjer eg no?

Kort tid etter at Natalia forstod at det var bombing i byen ringte sonen hennar på 20 år.

– Han sa: «Mamma, det er krig, du må pakke kofferten med ein gong», fortel ho.

Natalia seier at ho svarte med fornekting.

– Kva skulle eg gjere med kofferten? Skulle eg reise? Kvar skulle eg reise? Kvifor skulle eg reise? På det tidspunktet skjønte eg ikkje kva som skjedde, og eg aksepterte det ikkje heller.

Livet før

Natalia fortel at hennar største interesse er psykologi. Ho er utdanna psykolog, og arbeider med skjønnheitsaktivitetar som manikyrar, massasje og ansiktbehandlingar. Desse gjennomfører ho med psykologiske tilnærmingar. Natalia fortel også at ho dei siste åra har funne interesse i astrologi.

– Eg er ein aktiv person og har alltid noko interessant å gjere. Timeplanen min var full for to-tre månadar fram i tid før dette skjedde. Det var livet mitt, seier ho.

– Eg ville hjelpe til

I starten skjønte ikkje Natalia at ho skulle ha rømt frå byen, men ho fortel at det var mange som ikkje heilt klarte å forstå kva som skjedde og kva dei skulle gjere.

– Ting tok tid, og dei første dagane kunne vi ikkje kommunisere på telefon, berre på internett. Telefonane fungerte ikkje på grunn av stor pågang, forklarar ho.

Trass i all usikkerheita visste Natalia i alle fall ein ting, og det var at ho ville hjelpe.

– Eg ringde venane mine som eig ein restaurant, og fortalde dei at eg ville hjelpe til. Då sa dei at eg gjerne måtte kome, for der var det mykje å gjere.

På restauranten lagde dei mat til ukrainske soldatar som hadde territorielt ansvar.

– Vi lagde mat av varer som vi fekk samla inn ved hjelp av frivillige. Dette brukte vi så mykje tid på at vi hadde faktisk ikkje tid til å rømme til tilfluktsrom om det kom luftangrep, fortel Natalia.

Natalia og venene fekk likevel lånt eit hus med ein god kjellar. Det var der dei valte å sove om nettene.

Det er ei tung tid dette synest Natalia, men er glad for den støtta ho får. – Livet mitt er snudd på hovudet, seier ho. Foto: Amanda Røed Stave

Angrep

Byen Zjytomyr har stor tilknyting til det militære frå før.

– Vi blei angripe raskt då vi har ein fabrikk som lager stridsvogner, ein militær flyplass og ein militærdivisjon. I tillegg har vi ein av dei berømte ukrainske høgskulane for militære, forklarar Natalia.

Ho arbeidde på restauranten i fem dagar før ho skjønte at det var på tide å kome seg vekk.

– Eg fann ut at det var sivile som blei drepne, og då var det best å rømme. Det første eg opplevde som gjekk svært inn på meg var då ein flyplass for sivile blei bomba. Eg var maks fem kilometer unna og observerte hendinga. Det var då eg bestemte meg, seier ho.

Natalia, som pratar med Nyss gjennom tolk, forsøker å skildre kjensla ho sat att med.

– Det var som om eg hoppa, men då eg landa kunne eg ikkje lande for føtene var bøygde, på ein måte.

Ho fortel vidare at den militære høgskulen var eit mål for russarane, men dei bomma.

– Då trefte dei eit sjukehus for fødande. Dagen etter dette reiste eg heim for første gang sidan krigen starta og pakka kofferten på få minutt.

Flukta

Så ringde ein kjenning av Natalia.

– Eg vart svært overraska, for ho er ikkje ein nær ven av meg, berre ein kjenning. Ho sa eg måtte flykte, og at dei hadde ein ledig plass på ein buss til meg, og bad meg kome, seier ho.

Same dag krigen starta fekk ho også e-postar frå vener i Noreg som sa ho måtte kome. Ho har vore på besøk i Noreg før, og no bur ho saman med ein av desse venane i Sykkylven.

Livet står stille

Underteikna forstår at Natalia er utan tvil ei sterk dame. I intervjuet fortel ho om livet den siste månaden, men blir ikkje tårevåt før om lag halvvegs.

– Sonen min er att i Ukraina. Han deltek ikkje fysisk, men bruker sitt intellekt til å hjelpe til på den måten han kan. Han har eit hjarteproblem som han har hatt sidan han var eit barn, så han kunne ikkje gå til militærteneste. Men han arbeider bak datamaskin, fortel ho.

Ho har kontakt med han då dei skriv til kvarandre mykje, og av og til ringer han til mor si.

– Eg følgjer også med på nyheitene. Eg har framleis varsling på ein app der eg får beskjed om nye luftangrep. Alt er veldig tungt, og eg kjenner at livet er snudd på hovudet, fortel Natalia.

Støtte

I tillegg til sonen sin har Natalia meir familie som er att i Ukraina, samt vener og kollegaer. Ho studerte psykologi i Kyiv, og har difor kjenningar over heile landet.

– Eg har problem med datoar og klokkeslett, eg har ikkje kontroll på det lenger. Det er vanskeleg å konsentrere seg. Men eg prøver å arbeide med psykologiske teknikkar med meg sjølv, og med kommunikasjon med kollegaer så hjelp det også, fortel ho.

Natalia seier at ho har møtt ukrainarar i Sykkylven, som ho har bytta kontaktinformasjon med.

– Eg trur at eg kan hjelpe dei også, så lenge eg klarer å hjelpe meg sjølv først.

Sykkylven

Natalia synest det er rart å kome til rolege Sykkylven, då hennar heimby er meir fart i og meir støy, men ho er glad for mottakinga og kjenner på støtte.

– Det er veldig verdifullt for meg, seier ho.

Ho prøver å få tida til å gå ved å lære seg norsk, men det er ikkje så enkelt. I tillegg kjenner ho seg ikkje sterk nok enno.

– Eg treng å ta det sakte. Er det noko livet har lært meg så er det å ta ting litt som det kjem, ikkje planlegge for langt fram og akseptere det som møter meg, avsluttar Natalia.