I mange år har det vore uro rundt legetenesta i Sykkylven, med stadig nye fastlegar som kjem og går. Sykkylven har 7.630 innbyggjarar som alle har rett til å ha ein fastlege, men det er reelt sett berre 1.200 som har tilgang til fast fastlege i kommunen no.

Per Ringdal synest at det er trasig å forhalde seg til stadig nye legar. Kona Brit har hatt same fastlege i 40 år. Foto: Monica Aure Fallingen

Per har hatt rundt ti legar siste tre åra

Per Ringdal (75) synest at det er frustrerande å ikkje ha ein fast fastlege, som eit trygt haldepunkt.

– Å treffe nokon ein aldri har sett før og kanskje aldri skal sjå igjen, og fortelje dei alt om seg sjølv, det er ikkje særleg hyggjeleg, seier han.

Per Ringdal har hatt Parkinsons i 25 år, og har seinare fått hjartesvikt og ryggproblem. På grunn av forhold rundt Parkinsonsdiagnosen, kan han ikkje hjarteopererast. Per er tidlegare banksjef og pensjonerte seg for om lag ti år sidan. Han brukte bedriftslege før dette, og når han etter kvart fekk ein røynd fastlege ved legesenteret, var denne ein av dei som valde slutte. Etter dette fekk han ein ny fastlege, som han ikkje fekk behalde lenge før «vikarstafetten» starta. Per fortel at han har vore til om lag ti ulike legar sidan 2020.

Kjend lege

For kona Brit (70) er situasjonen ein annan. Ho har hatt same fastlege sidan 1982, og er svært godt fornøgd med det. No for tida er fastlegen hennar sjukmeldt, men dei kommuniserer når det er noko spesielt likevel.

– I min situasjon ser ein kor godt det kan vere å få ha ein lege som kjenner deg og du kjenner han.

Eg føler at min fastlege tek tak og veit kva han skal gjere. Han har hatt foreldra våre som pasientar også, og vi har hatt han meir som ein huslege, fortel Brit. Ho gruar seg til den dagen fastlegen hennar pensjonerer seg, og ho kanskje vil stå i same situasjon som Per.

– Det er krevjande å vere pårørande, og spesielt slik fastlegesituasjonen til Per er i dag. Eg lurer på korleis det vil bli om det vert meir arbeid rundt meg også, seier ho.

Haldepunkt

Per fortel at han var til ein ny fastlege i januar, og fekk beskjed om at han reiser igjen i juni.

– Det er ikkje noko vits i å ha fastlegar berre nokre månadar. Då vert dei ikkje kjende med pasientane. Når ein kjem så har dei ikkje fått sett seg inn i historikken, og så må ein begynne å forklare. Før ein er ferdig med det, så er legetimen over, og ein må bestille ny time for å ta opp dei andre tinga.

Ein får ikkje kontinuitet i behandlinga, oppfølging eller innkallingar. Ein har ikkje noko fast haldepunkt, og ein kan få ei kjensle av at ting ikkje hastar før det smell skikkeleg, seier Per, som også opplever at det kan vere litt lang ventetid før han kjem seg til legen.

– Om ein er frisk og berre skal til legen når ein blir småsjuk i ny og ne, så er det greitt nok å kome til vikarar. Men har ein kroniske sjukdomar, slik Per og også eg har, er det verre, skyt Brit inn.

Ekteparet fortel om då Per skulle til Kastvollen rehabiliteringssenter for tre år sidan.

– Han fekk ei medisinliste og skulle trappe opp fram mot opphaldet. Eg syntest at dosen verka veldig høg, men kunne ikkje overprøve avgjerda til vikarlegen. Eg forsøkte å ringe legen fleire gongar utan hell, så eg sende med Per den medisinen han hadde fått. Så fekk eg telefon frå Kastvollen, med beskjed om at han verka tåkete og forvirra. Vidare tok senteret kontakt med legesenteret, han fekk rett dose, som var halvparten av det han hadde fått, og etter nokre dagar fekk eg beskjed om at no hadde dei fått ein heilt «ny» mann, fortel Brit.

– Denne gongen gjekk det bra, men feilbehandling kan nok lettare oppstå når det er stadige legeskifte, legg Per til.

Per og Brit ønskjer ei føreseieleg legeteneste. Foto: Monica Aure Fallingen

Tryggleik

Dei vil presisere at det ikkje er noko å utsetje på dyktigheita til vikarlegane, opplevingane deira er stort sett at dei er flinke, men at det er mangelen på stabilitet i tenesta som er problemet.

– Det er jo litt slik at når ein kjem til ein ny lege, så er kanskje han opptatt av andre ting enn den førre. Plutseleg vert ein behandla for noko anna enn det ein var der for i utgangspunktet.

Og når ein ikkje har fått bygd opp tillit og har fått tid til å verte trygg på legen sin, vert heile situasjonen vanskeleg. Det handlar om livskvalitet, seier Per, som ønskjer seg ein lege som han har over tid og som kan gi han hjelpa han treng.

– Vi har ein del direkte kontakt med hjartesviktklinikken i forhold til Per sin situasjon, og utan dei hadde eg nok vore mykje meir frustrert og redd som pårørande, fortel Brit, og legg til at dei også reiser til nevrolog oftare enn dei hadde gjort om Per hadde ein stabil fastlege.

– For meg er det viktigaste ved ein fastlege at han er stabil, dyktig, kjenner oss og får oss til å føle oss trygge, seier ho, og legg til at lokalkunnskap og det å kjenne familiehistorikk også er store fordelar.

Råd

Brit sitt råd til kommunen når det kjem til legetenesta er at ein må lytte til dei som veit kvar skoen trykker.

– Og dei er å finne over alt, seier ho.

Per er opptatt av at ein må få til forståing og ikkje ri kjepphestar.

– Det kjem det aldri noko godt ut av. Ein må ha gjensidig forståing og tillit, og her treng kanskje kommunen å få inn ein konsulent som kan jobbe på det menneskelege plan, avsluttar Per Ringdal.

Lengre ned i saka kan du lese tankar frå fleire legar som har slutta.

Kva skjedde, eigentleg?

I Sykkylven skulle kostnadar kuttast og legetenesta betrast, men det heile enda som eit stort hovudbry for både administrasjon, politikarar, tilsette ved legesenteret og ikkje minst for innbyggjarane.

Fastlegekrisa pregar heile landet vårt. Denne handlar mellom anna om at arbeidsmengda har auka med nye oppgåver, befolkninga er aldrande og det er auka krav til fastlegane. Helfo sine tal på lister utan fast lege per 1. januar 2023 viste at 219.740 personar stod utan fastlege, 27.005 av desse i Møre og Romsdal.

Til samanlikning var det nasjonale talet for mars 2019 57.347. Altså nesten ei firedobling.

I Sykkylven var det ved årsskiftet 4.420 personar som stod utan fastlege, ifølgje denne oversikta. Berre Alta, Rana, Sandefjord, Eigersund og Gjøvik hadde fleire innbyggjarar utan fastlege enn Sykkylven. Sykkylven stod ved inngangen av året oppført med seks ledige heimlar, ifølgje tal frå Helfo som Legeforeningen har publisert. Det kostar. Ifølgje oversikta var det berre Alta, Rana og Sandefjord som på dette tidspunktet hadde fleire ledige heimlar enn Sykkylven, og dei er alle betydeleg større kommunar, med mellom 20.000 og 65.000 innbyggjarar.

På den positive side har Sykkylven kommune lukkast med å rekruttere to nye fastlegar som har starta nyleg. Desse har lister med 600 pasientar kvar, og er dei einaste fast tilsette fastlegane som pasientar kan få time hos, slik situasjonen er i dag.

Klager

Ein kan på mange måtar seie at legesaka i Sykkylven starta med at Pasient- og brukarombodet og Fylkesmannen i Møre og Romsdal tok imot fleire klager frå pasientar ved legesenteret i Sykkylven, noko som medførte at det i 2013 vart oppretta tilsynssak.

Eit av klagepunkta var at legesenteret ved fleire tilfelle skulle ha tatt for mykje betalt av pasientar, og nytta feil takst for tenestene. Men klagene gjekk også på personellet sin kompetanse, på pasientrettar, samt framferd mellom enkelte av dei tilsette ved legesenteret. Klagene på legesenteret var formidla anonymt til Fylkesmannen og Pasient- og brukarombodet. Som hovudregel baserer ikkje Fylkesmannen tilsynssaker på klager frå personar som ikkje opplyser sin identitet, men då klagene tilsynelatande var uavhengige av kvarandre, og dei gjekk på tilsvarande problemstillingar, fann Fylkesmannen det nødvendig å granske forholda.

Det vart til slutt konkludert med at det ikkje var grunn til å gå vidare med saka. Ein av dei konklusjonane Sykkylven kommune trekte, var at kommunen skal etablere rutinar for faste dialogmøte med legesenteret, og i tillegg skulle rutinane rundt publikumskontakt gjennomgåast. Det vart også bestemt at det skulle setjast i gang ei IKT-oppgradering ved legekontoret.

Sykkylven kontrollutval drøfta i fleire møte i 2012 til 2014 spørsmålet om ein revisjon av legetenesta. I april 2014 var det oppe ei sak om legesenteret i Sykkylven kommune. I utgreiinga står det at ein tidlegare har vedtatt å gjere ein forvaltningsrevisjon om dette temaet.

Oppstarten av dette arbeidet vart avventa hausten 2012, fordi kommunen då reforhandla avtalen med legesenteret. Saka blei tatt opp att hausten 2013, men ny avtale var framleis ikkje ferdig forhandla. Ein ville då setje i gang ein forvaltningsrevisjon. Då det kort tid seinare kom tilsynssak frå fylkeslegen, fann ein å ville samordne forvaltningsrevisjonen. Det hadde blitt diskutert behovet for ei prosjektskisse til denne revisjonen, kunne ein lese i saksutgreiinga. Det blei under møtet gitt ei orientering frå administrasjonen og lagt fram ei prosjektskisse om forvaltningsrevisjon av legetenestene. Denne blei godkjend av kontrollutvalet.

Heimlar

I desember 2014 kom rapporten Forvaltning, kapasitet og samarbeid innan legetenesta i Sykkylven kommune. Der kunne ein lese at Sykkylven kommune hadde seks fastlegeheimlar, at to heimlar hadde vore ledige, men at det for tida var tilsett vikar i den eine heimelen. Den andre heimelen blei nytta til innleige av vikarar i legevakt.

Desse tiltaka fekk Sykkylven kommune tilråding om å fokusere på:

1. Fastsetje ei norm for talet på pasientar per lege, som ligg på nivå med det som er vanleg elles i norske kommunar, gjennom å senke listetaket i dei individuelle avtalane.

2. Opprette fleire fastlegeheimlar, og etablere eit fastlegemiljø i tillegg til det eksisterande.

3. Inngå eit interkommunalt legevaktsamarbeid, t.d. med Ålesund interkommunale legevakt.

4. Revurdere vedtaket knytt til etablering av eit eige tilbod om døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp i Sykkylven kommune (ØHD-tilbod).

5. Gjennomgå oppgåver og ressursbruk til dei kommunale legeoppgåvene, med sikte på rasjonalisering og omallokering.

Legeplan

Ein svært omfattande plan for legetenesta i Sykkylven blei lagt fram for politikarane og samrøystes vedtatt av kommunestyret 7. september i 2015.

I denne kunne ein mellom anna lese:

«Ein (periodevis to) av fastlegeheimlane har vore konstant vakant siste 10 åra, og er m.a. nytta som grunnlag for oppretting av ein mangeårig vikarstafett delt mellom tre legar. Innbyggjarar på denne vakante legelista har i disse åra såleis ikkje hatt tilbod om fastlege slik lova krev, sjølv om dei har hatt tilgang til vikar eller ein av dei andre fastlegane.»

Det vart også peika på at kommuneoverlegen i Sykkylven var partseigar av lokala som Sykkylven Legetjeneste AS leigde:

«Han er og medeigar i Sykkylven Legetjeneste AS (50 prosent) samt fungerer som dagleg leiar i selskapet. Han er difor av rådmannen vurdert å vere inhabil som medisinsk fagleg rådgjevar for kommunen ved gjennomføring av dei aktuelle forhandlingane om avtalen mellom kommunen og Sykkylven Legetjeneste AS. Han er og vurdert som inhabil når det gjeld planlegging av framtidig struktur og lokalisering av legetenestene så lenge hans forretningsmessige interesser kan verte påverka.»

Også tillitsvalt for legane sine forretningsmessige interesser var tema, sidan han og var parts–eigar i lokala som Sykkylven Legetjeneste AS leigde, samt at han hadde same eigarstatus i Sykkylven Legetjeneste AS som kommuneoverlegen (50 prosent).

«Kommuneoverlegen og legane sin tillitsvalde sine forretningsmessige interesser knytt til planlegging og utvikling av legetenestene i Sykkylven, har verka kompliserande på planarbeidet», kunne ein lese. Sykkylven kommune ved rådmannen inngjekk avtale Plan for legetenester Sykkylven kommune med tidlegare kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen med slikt mandat:

«1. BMAA vert engasjert som konsultativ medarbeidar for SK i samband med forhandlingar med legane om legetenesta i kommunen.

2. BMAA rapporterer til rådmannen. Allereie i oppstart av prosessen vart det avdekka eit klart behov for ein overordna plan for legetenesta slik det og er kravd etter lovgjevinga.»

Oppkjøp

Etter mykje usemje mellom legane og administrasjonen gjennom fleire år, vart det i 2019 vedtatt at kommunen skulle kjøpe legesenteret med overtaking 1. juli 2021.

I tida etter vedtaket opplevde ein at fleire fastlegar slutta, og nokre av dei begynte å arbeide ved legesenteret i Stranda i staden for. Etter det Nyss kjenner til skal også Maria Koppen, som slutta som fastlege ved legesenteret i Sykkylven i fjor, ta til som fastlege ved det kommunale legesenteret i Stranda denne våren.

Fleire nye legar har blitt rekrutterte inn til det nye kommunale legesenteret i Sykkylven men har slutta igjen raskt. Mange titals legevikarar har vore innom i kortare eller lengre periodar, og eit mindretal av sykkylvingane har hatt ei føreseieleg legeteneste, med ein fast fastlege å vende seg til. Ikkje minst så kostar det dyrt for kommunen. Men sjølvsagt, hadde ein ikkje hatt vikarlegane å ty til, så hadde krisa vore endå større.

Innsyn i klagesaker

Nyss har fått innsyn i alle klagesaker hos Statsforvaltaren som handlar om legesenteret i Sykkylven frå 2013 til no, og har gått gjennom desse.

Det ein ser er at det opp gjennom åra for det meste har vore snakk om eitt og anna tilfelle der brukarar ikkje opplever at dei har fått tilstrekkeleg god helsehjelp, men at det i 2022 har vore ein auke i talet på saker. Klagane i fjor handla blant anna om lang responstid på telefon og vikarbruken.

Ein kunne mellom anna lese at Statsforvaltaren tok imot ein klage frå NN, og denne vert skildra slik:

«I klagen sin tek ho opp si erfaring med helsehjelpa ho har fått ved fem ulike legar ved Sykkylven legesenter våren 2022. Statsforvaltaren har vore i telefonisk kontakt med NN og vurderer at klagen er todelt. Dels handlar den om helsehjelpa ho har teke imot, som av klagar oppfattast lite heilskapleg og fragmentert. Dels handlar den om pågåande helsehjelp.».

Legesenteret blei bedd om å gjere ein intern gjennomgang med involvert helsepersonell og at klagen skulle gjennomgåast som ein rettigheitsklage. Legesenteret peikte sjølv i juni 2022 i eit brev til Statsforvaltaren på at det var utfordrande med få faste fastlegar og fleire vikarar i kortare og lengre vikariat, og at risiko med hyppige vikarbyte allereie var identifisert.

Legesenteret uttalte at målet var å få til ein god flyt ved senteret, inkludert å sikre at epikriser og prøvesvar skulle bli følgt opp av neste vikarlege.

Fylkeslegen bad om at legesenteret skulle ta ein intern gjennomgang, og at denne skulle inngå i det kvalitetsforbetrande arbeidet.

Vegen vidare

I januar 2022, då det var gjort opp status etter eit halvt års drift av legesenteret for formannskapet, var utfordringsbiletet med å rekruttere fastlegar tema. Det vart difor vedtatt å opprette eit rekrutteringsutval med fagpersonar, politikarar og personar frå administrasjonen, som i 2022 skulle arbeide med dette. Dei skulle utarbeide forslag til ein strategi for rekruttering av legar, samt evaluere gjeldande legeplan.

Nyss har bedd kommunalsjef helse Ragnhild Skjong om å seie noko om løn, kvar ein legg lista for fastlegane, og om kommunen har gjort noko med lønsnivået for å verte meir attraktiv i tida etter oppstarten.

– Vi vurderer fortløpande fastlønn og vilkår for å kunne rekruttere fastlegar. Erfaringa vår så langt er at lønn aleine ikkje er nok til å verte meir attraktive. Ny legeplan er under utarbeiding og strategiar for vilkår er eit av temaa i ein slik plan, svarar ho.

Levekårsutvalet gjorde sist veke vedtak om prinsipp og føringar for det vidare arbeidet med legeplanen for Sykkylven kommune:

1. Sykkylven kommune skal sikre berekraftige, framtidsretta fastlegetenester for sine innbyggjarar.

2. Sykkylven kommune skal sikre ei robust og framtidsretta legevaktteneste for sine innbyggjarar.

3. Sikre økonomisk berekraftig driftsmodell av all legeteneste i kommunen.

Konflikten mellom legane og kommunen har vore kjend i mange år. Med åra er dei fleste på begge sider av bordet skifta ut, men det vanskelege klimaet ser likevel ut til å bestå. Nokre av legane som har jobba ved Sykkylven legesenter har fått spørsmål frå Nyss om forholdet til kommunen, i håp om at ein skal få eit klårare bilete av kva som kan vere bakgrunnen for at legar kjem og går. Her er nokre av kommentarane vi har fått.

’’

Det er ingen tvil om at der er mangel på kompetanse i kommunen til å drive ei legeteneste som er god nok og som innbyggjarane fortener, samt manglande sjølvinnsikt på nettopp denne kompetansemangelen.

’’

Der var svært dårleg kommunikasjon og tilbøyelegheit frå kommunen si side i forhold til forbetrande tiltak som har kome frå legane.

’’

Ansvarsfråskriving frå leiarar i kommunen fører til dårleg drift og mange administrative stillingar.

’’

Eg følte at vi ikkje greidde å følge opp pasientane slik vi ønskte, då vi brått fekk fleire enn planlagt, i tillegg til at mengda e-konsultasjonar og liknande har vakse enormt.

’’

Vi forsøkte å varsle om dei vanskelege forholda fleire gongar

’’

Det var ingen velvilje å møte når det gjaldt noko frå kommunen si side

’’

Vi har vore fleire som har sitte både kveld og helg med arbeid utan å få betalt for det. Beskjeden var at «det er ingen som pålegg deg å arbeide etter klokka 16.»

’’

Oppdatering av journalar var svært tidkrevjande, spesielt når ein er ny lege med pasientar som ein ikkje kjenner

’’

Eg sit ikkje igjen med ei kjensle av at det var nokon over oss i systemet som ville passe på oss, det var berre eit jag etter at vi skulle generere «nok inntekter».

Føler seg uønskt av administrasjonen

Sudarshan Bhatia var ein av eigarane ved det private legesenteret, dagleg leiar og kommuneoverlege gjennom mange år. Han har kontrakt som fastlege fram til sommaren, når han fyller 70 år, men er for tida sjukmeld.

–Etter å vore vekk frå arbeid ein periode etter kommuneovertakinga begynte eg å jobbe frå juli 2022, men eg har opplevd at det var lite ønskjeleg frå administrasjonen si side. Eg har blitt trakassert, og til trass for at eg har tatt det opp på høgaste hald i kommunen har det ikkje skjedd nokon endringar. Til slutt har forholda vorte såpass ille at eg vart sjukmeld frå nyttår, seier Bhatia.

Han fortel at han hausten 2022 tilbydde kommunen å skaffe fastlegar til kontoret.

– Eg veit om fleire som vil jobbe her om forholda på kontoret blir som før, men då må administrasjonen stille seg bak legane, meg inkludert. Som «takk» for tilbodet vart avtalen min om å jobbe ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter fire timar i veka sagt opp i oktober 2022, det til trass for at kommunen både då og no har vanskar med å rekruttere legar. Det er ikkje rart at Sykkylven kommune sitt legekontor har dårleg rykte, og dette vert spreidd som eld i tørt gras i dagens sosiale medium. Kommunen verkar ikkje ut til å vere interessert å ha nokon på kontoret som jobba der då det var privat. Vi hadde ikkje noko fastlegekrise i Sykkylven, og vi ville ikkje hatt det på mange år, om nokon gong. Vi hadde kontakt med legar som ville jobbe saman med oss, seier Bhatia.

– Er det noko i denne prosessen opp gjennom åra du tenker at du kunne gjort annleis, til det beste for legetenestene?

– Ting kan alltids gjerast annleis, men vi har gjennom alle år prøvd å gjere vårt beste for pasientane. Og i prosessen med overtakinga prøvde vi å snakke med administrasjonen og politikarane, men blei ikkje høyrt.

På spørsmål om han kunne tenkt seg å jobbe som fastlege i Sykkylven lenger enn avtalen hans gjeld, til komande sommar, er svaret eit klart ja.

Fleire tilsette og dyrare å drive

Rekneskapen til Sykkylven kommune viser at det i siste normalår før korona, 2019, blei brukt 7.232.214 kroner netto på legesenteret. I 2022 var det sett av 19 millionar i budsjettet, men dette måtte aukast til over 27 millionar.

Sykkylven kommune har gitt innsyn i netto rekneskapstal for legesenteret dei siste åra det var privat. Her er summane:

2017 6.687.551 kroner

2018 7.680.040 kroner

2019 7.323.214 kroner

2020 13.065.321 kroner

I 2021 dreiv kommunen senteret andre halvår, frå 1. juli.

Første halvår 8.104.694 kroner då det var privat

Andre halvår 12,4 millionar då det var kommunalt

Talet for 2022 vart 27.135.195 kroner

Tilsette

Sudarshan Bhatia, som var dagleg leiar ved det private legesenteret, opplyser om at i 2018 hadde legesenteret seks fastlegar, ein LIS 1 lege og ein daglegevaktslege på dagtid.

– Daglegevakt tok seg av det mest av øyeblikkeleg hjelp-konsultasjonar inkludert utrykking og heimebesøk, slik at fastlegar hadde betre kapasitet å ta seg av listepasientane sine. I tillegg hadde vi fire legevaktlegar som hadde legevakt på kveld, natt og helg. Vi hadde 5,4 årsverk hjelpepersonell, fordelt på sju tilsette, fortel han.

Ragnhild Skjong, som er kommunalsjef helse, fortel at dette er status for legesenteret i Sykkylven i dag:

– Legekontoret har tre faste tilsette legar, og ein næringsdrivande, av totalt åtte legelister. Elles er det LIS1 lege, som vil seie turnuslege, og sju årsverk tilsette fordelt på ni tilsette hjelpepersonell. Ved legevakta er det tre fast tilsette legevaktlegar og to årsverk hjelpepersonell. I tillegg har vi eitt årsverk einingsleiar for legesenteret, fortel Skjong. Leige av legesenterelokale utgjer om lag 870.000 kroner per år, og dette inngår også i nettoutgiftene til kommunen.

Rekruttering

Kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen fortel at det er budsjettert med 19 millionar til drift av legesenteret i 2023, og at dette er eit svært utfordrande mål.

– Den nasjonale fastlegekrisa har medført at lønnsnivået har auka betydeleg. Der ein ikkje får rekruttert er kommunane avhengige av å nytte vikarbyrå. Dette er ei svært dyr ordning, seier ho.

Sykkylven kommune har valt å teste ut ei ordning med å reindyrke legevaktordninga.

– Målet er å tilby attraktive legevaktstillingar og ei stabil legevaktteneste. Legane som inngår i ordninga har vore nøgde med denne, men det er ikkje tvil om at den er sårbar.

Eit anna mål med denne organiseringa er å gjere fastlegestillingane meir attraktive med tanke på arbeidstid. I Sykkylven kommune kan legane sjølv velje om dei vil drive som privatpraktiserande med kommunal driftsavtale, eller om dei ynskjer kommunal tilsetting. Av dei fire fastlegane våre i dagens legesenter er ein av dei privatpraktiserande med kommunal driftsavtale, medan tre av legane har valt kommunal tilsetting.

For å fylle dei andre listene medan ein ventar på at vi får rekruttert fleire, har det blitt jobba hardt med å få gode avtalar med vikarbyrå. Per dato har vi ein avtale som er god når vi samanliknar med andre kommunar.

Det er uansett meir kostbart og ressurskrevjande, og meir ustabilt, å nytte vikarbyrå enn å ha fast tilsette legar. Vi arbeider målretta med rekruttering. Målet er at alle våre åtte lister skal ha fast tilsette, uavhengig av om dei vel å vere privatpraktiserande eller kommunalt tilsette, seier Vikhagen.

Uro

Ho opplever at uroa som har vore kring legesenteret i lang tid ikkje har gjort arbeidet lett.

– Vi vil takke alle dei som både før og no står på for å gje innbyggjarane i Sykkylven kommune gode legetenester. Vi skulle sjølvsagt ønske at dette resulterte i ei naturleg stoltheit og godt omdømme, og på denne måten gjorde jobben med å rekruttere enklare.

Vi har nok alle same mål: gode og stabile legetenester til innbyggjarane i Sykkylven. Som dei fleste andre stader i landet ser vi at det ikkje finst ei enkel løysing på dette.

Å samanlikne før og no er utfordrande i ei tid der rammevilkåra endrar seg i stor fart. Vi må difor forholde oss til dagens utfordringsbilde, og dersom vi får alle med på å tenke framover har vi stor tru på at vi skal lukkast. Vi er allereie på god veg, avsluttar Bente Glomset Vikhagen.

2004

–Fastlegeordninga blei innført tidlegare, men i Sykkylven vart det inngått fastlegeavtaler med kvar einskild lege ved legesenteret i 2004.

– Eit aksjeselskap, eigd av nokre av legane, tok over drifta og eigedomsretten til legesenteret sine lokale i Haugbukta.

– Det vart skipa eit driftsselskap, Sykkylven Legetjeneste DA, eigd av tre av legane; Sudarshan Bhatia, Øystein Hove og Svein Welle. Det vart inngått leigeavtale mellom den einskilde fastlege og Sykkylven Legetjeneste DA.

– Det vart inngått ein 10-årig avtale mellom Sykkylven kommune og Sykkylven Legetjeneste DA, om mellom anna drift av legevakt, om lokale og kontormedarbeidar for kommuneoverlegen og ei rekkje andre deltenester som kommunen betalte månadleg for.

2012

–Kontrollutvalet i kommunen drøfta spørsmål om gjennomgang av legetenesta fleire gongar frå 2012 til 2014.

2013

–Svein Welle slutta på dagen som fastlege. Eigedomsselskapet blei oppløyst og erstatta av private eigarar. Driftsselskapet vart reorganisert til Sykkylven Legetjeneste AS, eigd av to av fastlegane Sudarshan Bhatia og Øystein Hove.

– Det blei oppretta tilsynssak etter at det kom inn fleire anonyme klager til Fylkesmannen. Saka blei avslutta utan funn av pågåande kritikkverdige forhold.

– Kommunestyret konkluderte med at det skulle etablerast faste dialogmøte med legesenteret og rutinane rundt publikumskontakt skulle gjennomgåast. Det skulle også setjast i gang ei IKT-oppgradering.

2014

–May Helen Molvær Grimstad tok over som rådmann etter Ole Johan Lillestøl.

– Det blei utarbeidd ein forvaltningsrapport om legetenestene datert 10.12.14.

2015

–Sykkylven kommune sa opp avtalen med Sykkylven Legetjeneste AS med verknad frå 01.07.2015, men rådmannen fekk fullmakt til å forlenge i samband med planarbeidet.

– Pr 01.09.15 hadde kommunen seks fastlegeheimlar og ei turnuslegestilling. Ein av fastlegeheimlane var vakant. Ny plan for legetenesta blei vedtatt, der det mellom anna vart bestemt at ein skulle gå opp til åtte fastlegeheimlar og det skulle utgreiast ei organisering av felles legevaktordning for Stranda og Sykkylven.

2016

–Eli Otterlei blei tilsett som kommunalsjef helse, tidlegare var dette eitt av Eldrid Suorza sine område som kommunalsjef

– Legane ved legesenteret gjekk ut i lokalavisa og sa at dei ikkje hadde tillit til Bjørn Martin Aasen, som var engasjert av kommunen som konsulent og sekretær i eit forhandlingsutval for organisering av felles legevaktordning for Stranda og Sykkylven

– Kommuneoverlege Bhatia tilbydde seg å trekke seg som kommuneoverlege dersom det var ein føresetnad for å halde fram med gjeldande legevaktordning

– Ny legevaktavtale med Sykkylven Legetjeneste vart vedtatt, mot ei røyst, Therese Utgård (Ap)

2017

–Sudarshan Bhatia slutta som kommuneoverlege etter 17 år.

2018

–Fleire legar ytra at dei ville seie opp om ny legeplan blei vedtatt, då dei var ueinige om legevaktordninga i legeplanen.

– Hove sa opp grunna mistillit til kommuneadministrasjonen hausten 2018, med verknad frå mars året etter.

– Det vart eit knapt fleirtal i kommunestyret for å opprette eit kommunalt legesenter frå 1.3.2019.

– Kommunen ønskte å bruke heimelen til Hove til å opprette to nye heimlar til legar som dei vil tilsette ved det kommunale legesenteret. Like før jul fekk Sykkylven kommune levert ei mellombels avgjerd frå Sunnmøre tingrett som sa at dei måtte stanse tilsetting av to legar i legeheimelen til fastlege Hove.

– Hove trekte oppseiinga si

2019

–Kommunestyret vedtok å kjøpe legesenteret. Therese Utgård (uavh.), Bjørn Idar Lyngvær (V) og Kanutte Roald (V) stemte imot.

2020

–Geir Ove Vegsund tok over som rådmann/kommunedirektør etter May Helen Molvær Grimstad

– Fastlegane Øystein Hove, Eirik Rødset, Annette Drengk og Inge Andre Settemsdal sa opp.

– Cornelius Rakevåg, som først takka ja til å ta til som fastlege frå 1. februar, takka til slutt nei til jobben.

– Kommuneoverlege Christopher Drabløs Wiig sa opp.

2021

–Kommunalsjef helse Eli Otterlei slutta

– Kommunen tok over drifta av legesenteret 1. juli 2021.

– Det vart oppretta kommunal legevakt for kveld, natt og helg saman med Stranda, med Sykkylven som lokasjon.

– Aleksander Sommerdalen starta som kommuneoverlege.

2022

–Det blei sett ned eit rekrutteringsutval for å få tak i nye legar.

– Sveinung Vemøy blei tilsett i ei nyoppretta stilling som einingsleiar for legesenteret.

– Bente Glomset Vikhagen tok over som kommunedirektør etter Geir Ove Vegsund

– Kristoffer Hjellen, Marie Sørbø, Maria Koppen og Ann-Cathrin Nordal Linge som alle var tilsett etter at legesenteret blei kommunalt sa opp.

2023

–Sveinung Vemøy sa opp jobben som einingsleiar, med verknad frå 1. mai.

– Ane Birgitte Eliassen og Cathrine Ness starta i fulle stillingar som fastlegar med 600 listepasientar kvar.

– Aleksander Sommerdalen sa opp som kommuneoverlege i februar, med verknad frå 1. juni.

– Arbeidet med ein ny legeplan er i gang.

–No vil vi rette blikket framover

Sykkylven kommune ønskjer ikkje å kommentere så mykje av det som kjem fram i artikkelserien om det som har skjedd ved legesenteret siste åra, men vil heller rette blikket framover.

–Den politiske saka; Prinsipp for vidare arbeid med legeplan 2023-2030, peiker ut retning for framtida, fortel kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen, og legg til at det også pågår eit nasjonalt arbeid med å greie ut korleis fastlegeordninga skal bli meir berekraftig enn den er i dag.

Utfordringar

– Slike utgreiingar tek tid, og det er enno uklart både kva for tiltak som vert foreslått, kva tidsperspektiv ein har for iverksetting, og korleis dei skal finansierast. Arbeidet med legeplan for Sykkylven kommune vil ta inn over seg dette utfordringsbiletet på ein best mogeleg måte, samt legge til rette for dei endringane som vil kunne kome som eit resultat av det nasjonale utgreiingsarbeidet. Vi ynskjer å vere ei kommune som finn gode løysingar på dei nasjonale utfordringane, seier ho, og legg til at dersom ein skal greie det må ein stå samla og rette blikket framover.

Rekruttering

Parallelt med det nasjonale arbeidet, arbeider kommunen fortløpande med å rekruttere nye legar.

– Dei nye som no er på plass er ønskt varmt velkomne av både innbyggjarar og kollegaer. Vi vil gjere alt vi kan for at dei skal trivast i Sykkylven og at dei skal ønskje å bli verande. Nytilsett lege og tillitsvald for legane, Ane-Birgitte Eliassen, kjem med desse tilbakemeldingane etter å ha arbeidd ved legesenteret knappe seks veker:

– Det er eit veldig flott arbeidsmiljø, og eg gler meg til å gå på jobb. Om det skal bli eit bra resultat, må alle involverte ha same mål. Om ein vil rekruttere legar må det meir framsnakk til, og ein må legge vekk fokuset på alt det negative. For min del så synest eg at mykje av det som har blitt sagt i media ikkje stemmer med mi oppfatning, for miljøet på kontoret er fantastisk bra. Det er lett å stå utanfor og kritisere, uttalar Eliassen.

Ane-Birgitte Eliassen trivst i ny jobb som fastlege. Foto: Amanda Røed Stave

Bistand

Vikhagen fortel at som arbeidsgjevar er Sykkylven kommune oppteken av at tilsette skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø.

– Bedriftshelsetenesta har vore ein viktig samarbeidspart i dette arbeidet, og deira kartleggingar viser at dei tilsette trivst og har det bra på jobb, sjølv i ein hektisk kvardag. Det har over tid blitt lagt ned eit svært godt arbeid med kvalitet og rutinar for å sikre gode tenester, seier ho, og vil takke dei tilsette for arbeidet dei gjer kvar dag for innbyggjarane.

– Eit rekrutteringsutval, samansett av politikarar, har det siste året jobba med fokus på korleis vi skal rekruttere nye legar til Sykkylven. For å få til dette er rekrutteringsutvalet einige i at tida er koma for å bygge vidare på alt det som har vore positivt dei siste åra. Legesenteret er ope alle kvardagar heile året, det er framleis ei god legevaktordning, og for at legane skal ønske å vere i Sykkylven må vi ha gode ordningar, skryte av jobben dei gjer, og sist men ikkje minst er vi svært glade for å ha fått på plass nye legar som opplever eit godt arbeidsmiljø og som er opptekne av å gje gode tenester til innbyggjarane, seier ho.

Framsnakk

Vidare fortel Vikhagen at utvalet er samstemte om at det er behov for å snakke fram legesenteret framover, og at dette er avgjerande for å ta vare på dei legane som arbeider ved legesenteret, og for framtidig rekruttering.

– Det er mange synspunkt og meiningar kring legetenestene i Sykkylven kommune. Diskusjonar og historikk kring enkeltpersonar og deira utsegn er ikkje noko vi kan kommentere. Vi har derimot tru på at både innbyggjarar, politikarar og kommuneleiing og alle tilsette på legekontoret har same mål; gode legetenester til innbyggjarane. Dersom vi samlast kring dette utgangspunktet vil vi lukkast med både omdømmebygging og vidare rekruttering, seier ho.

Kommunen har fått spørsmål om kva som skjer med einingsleiarstillinga. Vidare har Nyss spurt om situasjonen til Per Ringdal, om det er haldbart at ein skal ha det slik over tid. Vi har og bedd om kommentar til det dei anonyme legane i saka uttalar. Tek kommunen sjølvkritikk på noko, og er det noko kommunen burde gjort annleis i prosessen?

–Vi er i omorganisering, og ny einingsstruktur vert avgjort denne veka. Når dette er på plass skal vi avgjere korleis vi skal tilsette i stillingane. Vi jobbar hardt for å skape stabilitet ved legekontoret til det beste for både innbyggjarar og dei som jobbar der, uttalar Bente Glomset Vikhagen.

Tidlegare publisert om Sykkylven legesenter

2015

I september 2015 vedtok kommunestyret samrøystes ein ny plan for legetenesta.

2016

Frå Sykkylvsbladet i november 2016: Då organiseringa av legevaktordning for Stranda og Sykkylven skulle utgreiast, vart det utpeika eit forhandlingsutval med representantar frå begge kommunane. Lege Bjørn Martin Aasen vart engasjert som konsulent og sekretær, og legane ville ikkje signere avtalemodellen, då de ikkje hadde tillit til Aasen.

2018

Lokalpolitikar Therese Utgård har vore aktiv i helsedebatten, og gjekk i 2018 ut i media då ho var ueinig i legesenteret sin bruk av takst 8, som utløyste at ho måtte betale eit ekspedisjonsgebyr på 59 kroner då ho følgde barnet sitt til lege. Ho poengterte at det ikkje handla om pengane men prinsippet.

Kommunen og Helseøkonomiforvaltninga (Helfo) støtta Utgård, medan legeforeininga hadde ei anna tolking.

Konflikten mellom legane og Utgård gjekk så langt at ho fekk brev underteikna seks legar ved legesenteret, der dei skreiv at dei over tid hadde opplevd at ho nytta nærast kvart høve til å kritisere dei, og at dei med bakgrunn i påkjenninga dette førte til for dei, oppmoda ho om å finne seg fastlege ved eit anna legesenter.

Dette blei klaga inn til Fylkeslegen, som konkluderte med at han ikkje ville opprette tilsynssak mot legane i Sykkylven.

Saka til venstre er frå Sunnmørsposten, den til høgre er frå Sykkylvsbladet.

I samband med arbeidet med denne artikkelserien om legesenteret har Therese Utgård fått spørsmålet:

– Du kjempa jo hardt for kommunalt legesenter. Vil du uttale deg om kva du tenkte då, om du framleis har same standpunkt som før og kva du tenker om situasjonen i dag? Det ønskte ho ikkje å kommentere.

2018

Torkil Færø som jobba som vikarlege i Sykkylven la ut eit innlegg på Debattside for Sykkylven på Facebook i september 2018, der han advarte om kva som kunne skje med legetenesta:

Jeg har registrert at det for tiden er mye diskusjon om legekontoret i Sykkylven. Siden jobber som vikarlege og således kan se situasjonen både utenfra og innenfra, tenkte jeg å skrive litt om min oppfatning av situasjonen. Jeg har altså jobbet som allmennlege/legevakt i 20 år, med anslagsvis 100000 konsultasjoner i over 20 kommuner i 9 fylker. Litt over 10000 av konsultasjonene er i Sykkylven over de siste fem årene. Jeg har dermed litt bredere erfaring enn mange for å vurdere legekontoret/legevakten. (Det er forøvrig ingen som har bedt meg om å skrive dette). Grunnen til at jeg jobber i Sykkylven er at det er et veldrevet legekontor ved Dr Bhatia, som klarer å planlegge et halvår i forveien. Dermed kan jeg plotte inn uker og legge planer for mine andre aktiviteter. Grunnen til at det er veldrevet er sannsynligvis at det er privat, de kommunale kontorene der jeg jobber tar langt mindre ansvar for drift. Vi som tar legevakt på dagtid tar også på kveldstid og natt. Det vil si at vi tilsammen utgjør 3 årsverk. Om daglegevakten forsvinner er det selvfølgelig ikke attraktivt å ta legevakter her, slik at fastlegene må overta også disse.

De seks fastlegene som allerede arbeider maksimalt (jeg observerer sjelden så mye kveldsarbeid som det utføres her) må da i tillegg overta 3 årsverk. Det kan bli spennende. At dr. Hove nå slutter, som er en av de dyktigste legene jeg har møtt, er nok bare forsmaken på hva som kommer til å skje. Det kan bli en dyr pris å betale for å spare en halv million, også økonomisk. Jeg kan ikke skjønne annet enn at Sykkylven legevakt må være blant de mest kostnadseffektive måtene å drive legevakt på.

Selv har jeg ingen betydelig interesse av at den nåværende legevaktsordningen opprettholdes. Jeg får daglig mailer og meldinger fra interessante steder der jeg kan tjene bedre for langt mindre innsats. (denne måneden jobber jeg i Kåfjord, Eidsvoll, Sykkylven og Solund) Om det nåværende legevaktsordningen opphører vil jeg benytte anledningen til å takke Sykkylvens driftige befolkning som alltid er høflige, svært presise og hyggelige å ha med å gjøre. Jeg ville vært svært bekymret for legetjenesten i kommunen om jeg var dere.

2018

I oktober i 2018 skreiv Sykkylvsbladet om at 20 av 29 kommunestyremedlemar stemte for at det skulle etablerast eit kommunalt legesenter, og at rådmann May Helen Molvær Grimstad fekk fullmakt til å forhandle vidare med Sykkylven legetenester AS. Trond Bonesmo (H) uttalte i Sykkylvsbladet at han ønskte å etablere eit kommunalt legesenter. – I saksutgreiinga kan ein lese at i høve dagens ordning vil overgang til kommunalt legesenter vere kostnadsnøytralt, så det vil ikkje bli dyrare enn no sa han, og la til at han helst såg at det vart to legesenter i kommunen, eitt privat og eitt kommunalt, slik at innbyggjarane fekk valfridom. Han meinte at det å opprette eit kommunalt senter der ein kunne tilby kommunale legestillingar var vegen å gå for å sikre ei føreseieleg legeteneste i åra framover, og samtidig posisjonere seg ved ei eventuell kommunesamanslåing.

2019

I juni 2019 vedtok kommunestyret å kjøpe det private legesenteret, med overtaking to år seinare.

2020

I september 2020 skreiv både Sunnmørsposten og Sykkylvsbladet om at fem legar hadde sagt opp stillingane sine ved legesenteret.

2020

I 2020 skreiv Sunnmørsposten saka om at Øystein Hove sa opp fastlegeheimelen sin i protest mot kommunen. Oppseiinga vart publisert på heimesidene til legesenteret. Grunngjevnaden var mistillit mot administrasjonen, ved kommunalsjef for helse, og namnet på vedkomande.

2021

Sykkylvsbladet og Nyss har fleire gonger skrive om situasjonen ved legekontoret i Sykkylven. I november 2021 gjekk kommunen ut og bad folk om å vente med å gå til legen dersom det ikkje var noko som hasta, og i byrjinga av desember gjekk Olav Harald Ulstein (kommunestyre- og formannskapsrepresentant for Frp) ut og sa at stoda ved legesenteret er ein skandale. Same mann tok til orde for at Sykkylven kommune burde sjå på organiseringa av legesenteret på nytt, og legge seg skinnflate i januar 2022. Ulstein meinte også at kommunen måtte be om unnskyldning til legane som har vore i Sykkylven tidlegare, men som forsvann då legesenteret blei kommunalt, og sjå om det fanst moglegheit for å få nokre av dei som reiste tilbake.

2022

I september 2022 omtalte NRK danske Waslah Mansha som nyleg hadde vore i Sykkylven, der ho jobba som vikarlege i tre veker.

Mansha, som var ferdigutdanna lege i 2018, jobba 40 timar i veka pluss «litt overtid», kunne ein lese, og med ei timelønn på 1300 kroner og vekelønn på over 50.000 kroner, vart det eit godt betalt opphald, vesentleg betre enn kva ho fekk i Danmark.

– Eg føler ikkje eg har vore på jobb. Det kjennest meir som om eg har vore på ferie, sa ho til NRK. Mansha skrytte av naturen, og syntest at det var kjekt å ha kveldane og helgane til å møte nye menneske og utforske ein annan kultur. Ho gledde seg til å kome tilbake.