– Naturen her er det beste. Eg kan gå same tur hundre gonger, men ingen tur er lik, fortel Aleksander smilande.

Arbeid

I mars 2016 kom han til Noreg for første gong saman med kjærasten Edyta, som vart kona hans eit par år seinare. Dei skulle besøke søstera hans, som allereie hadde budd på Stranda i nokre år.

– Vi syntest det var veldig fint der og treivst godt, fortel han.

So pass godt at paret bestemte seg for å flytte til Stranda sommaren same året.

I tre månadar leitte han etter arbeid og fekk seg til slutt jobb på Formfin i Hundeidvik, men då han forstod at pendlinga vart litt lang bestemte dei seg for å flytte dit istaden. Edyta fekk seg også arbeid på same fabrikk.

Edyta og Aleksander tok bryllaupsfoto på Fagrefjellet. Foto: Piotr Bednarczyk
Paret gifta seg i Polen, men tok med seg både fotogaf og videograf til Sunnmøre frå heimlandet for å skape minner for livet. – Vi veit jo ikkje om vi kjem til å bu her for alltid, seier Aleksander. Foto: Piotr Bednarczyk
Edyta og Aleksander i tradisjonelle kle frå Polen. Foto: Privat

Språk

Både Aleksander og Edyta gjekk på norskopplæring i Sykkylven i starten. Men å lære seg norsk var ikkje noko problem, då Aleksander allereie kunne litt før han kom.

– Men ein kan alltid verte betre, seier han og smiler.

– Det er nokre ord eg ikkje kan, men du forstår kva eg meiner. Og så er det ikkje så lett å uttale Ø. Men eg synest norsk generelt er eit enklare språk enn polsk.

Han er glad for at han har ei stilling ved Formfin som gjer at han får øve på norsk kvar dag. Det har vore med på å utvikle språket godt.

– Det går berre i norsk der, og stillinga mi som tilretteleggjar gjer at eg må prate med alle heile tida. Det er verre for dei som sit på same stad gjennom dagen, gjerne slik som Edyta gjer ved symaskina, fortel han.

Edyta, Aleksander og Kacper på Hovdeåsen i Hundeidvik. Foto: Privat

Familie

I 2018 gifta paret seg, og rett etter at pandemien starta i 2020 ønskte dei velkomen ein liten gut til familien. Han fekk namnet Kacper, og i dag er han snart tre år. Kacper går i barnehage i Tusvik, pratar polsk heime og norsk i barnehagen.

– Han er så van med at vi pratar polsk at han synest det er rart om eg snakkar til han på norsk, då ser han berre på meg med eit lurt smil og nektar å svare, ler Aleksander.

Då Kacper kom til verda under pandemien var det ingen i familien som kunne kome på besøk frå Polen for å møte han, og dei kunne heller ikkje reise nokon stad. Men til vanleg prøver dei å få til to turar i året.

– Vi hadde eigentleg planar om å arbeide her nokre år og så flytte attende, men det vert vanskelegare og vanskelegare til lenger vi blir her.

Familien har også nyst kjøpt seg hus i Hundeidvik, noko som ikkje gjer det valet noko enklare.

– Vi får sjå kva som skjer, seier Aleksander, som legg vekt på at dei trivst godt både i Hundeidvik og på arbeid.

Kacper på Ljøsætra. Foto: Privat
Aleksander og Kacper på langrenn. Foto: Privat
På tur i Molladalen. Foto: Privat

Fjell

Noko av det som gjer at han har blitt glad i Sykkylven og Stranda er dei vakre fjella. I Tylmanowa der han kjem frå har dei også fjell, men ikkje sjø.

– Fjell og fjord er ein perfekt kombinasjon, seier han.

At han er glad i å vere ute i det fri er det liten tvil om. I sosiale medium er han flittig å dele både foto og video frå fjelltoppar i vårt område, og elles frå andre stadar i Noreg og Polen.

Og vesle Kacper – ja, han får også vere med på tur.

– Første vinteren hans var han med på om lag 40 skiturar trur eg, seier Aleksander, og legg til at dei er van med å renne på ski i Polen, men at dei aldri hadde prøvd langrenn før dei flytta hit.

– Vi kjøpte pulk til han, og det viste seg at han ville sove der når han nekta å sove heime. Men det var berre kjekt, for då fekk Edyta og eg tid saman på tur og kunne sitje ute og drikke kaffi, smiler han.

For å slappe av på tur, eller sitje på ein fjelltopp med ein kaffikopp, det liker han godt.

– Eg likar best å gå tur veldig tidleg eller veldig seint, nokre gonger går eg klokka fire eller fem på natta. Då er det færre folk, og eg får tid for meg sjølv og til å tenkje. Eg er også glad i å fotografere og filme i solnedgang og soloppgang.

Aleksander på Flathornet. Ved kvar tur han går donerer han pengar til ei god sak. – Det var ein mann i Polen som starta med dette i fjor. Han gjekk 200 gonger på eit fjell, tok med seg andre, og samla inn pengar til sjuke barn. No er vi over 2.000 som gjer det same, der vi set av ein liten sum per tur og donerer på slutten av året. Det synes eg er veldig fint, smiler Aleksander. Foto: Privat
Edyta og Kacper ved det mest kjende fjellet Trzy Korony i området der dei kjem frå. Foto: Privat
Solnedgang frå Flathørnet. Foto: Privat

Fritid

I dag er både Aleksander og Edyta 50 prosent permitterte frå Formfin, det gjer at det vert litt ekstra tid til å fikse på det nye huset og å gå turar. Og med sonen i barnehage får dei difor litt ekstra tid saman, men Edyta er gravid og turane vert difor ikkje så lange.

– Vi går mykje saman, men eg likar også å gå åleine. Eg er spesielt glad i å gå på Skopphornet. Det er ein veldig fin tur. Eg ser fjellet frå stoveglaset og tenkjer stadig at eg vil opp att. Om Kacper er med på tur går vi på nesten alle fjell, men ikkje dei som kan vere farlege for han. Eg prøvde ein gong å bere han i sele opp til Saksa på Urke, det vart litt vel tungt.

– Eg synest det å gå tur i naturen her er det beste med bygdene, eg vert aldri lei og tek mange bilete frå same stad. Og då vi bestemte oss for å kjøpe hus visste vi at det måtte bli Hundeidvik. Vi har fin utsikt mot Hjørundfjorden og mot fjell, det er det vi likar, avsluttar Aleksander Noworolnik.