Geir S. Vik frå Stranda er dagleg leiar i AaFK:

– Vi skal reise oss kraftig igjen

Comeback-sesongen til AaFK enda med grøtelege 11 poeng og direkte nedrykk til Obos-ligaen. Dagleg leiar i klubben, Geir S. Vik frå Stranda, seier at klubben vil kome knallsterkt tilbake.

Dagleg leiar: Geir S. Vik frå Stranda er dagleg leiar hos AaFK. Han fortel at dei vil kome knallsterkt tilbake etter den skuffande fjorårssesongen der dei rykka ned igjen til Obosligaen.  Foto: Even Ørjasæter

Sport

– Vi hadde eit mål om å bli verande i Eliteserien, og at vi ikkje klarte å nå det målet er sjølvsagt beklageleg. Vi har snubla, men vi skal reise oss kraftig igjen, seier dagleg leiar Geir S. Vik hos Aalesunds Fotballklubb til Nyss.