Enkle balltap straffa Stranda

Det vart tap for Stranda under treningskampen mot Stordal/Ørskog på Stranda stadion.

Berre nesten: Det vart mykje nesten for Stranda i kampen mot Stordal/Ørskog. Her er det Tobias Lillebø Hjelle (blå trøye) som vart stoppa av eit kontant forsvar.  Foto: Arild Ringdal

Sport

Kampfakta

Stranda-Stordal/Ørskog 0-3 (0-2)

Stranda stadion

Mål: 0-1 Adrian Amdam (8), 0-2 Patrik Aasen (36), 0-3 Fredrik Busengdal (73)

Dommar: Steinar Hjelle, Sunnylven IL


– Er veldig kjekt å kome i gang att, men ser at det vil ta tid. Det er lenge sidan vi spela teljande kampar. Viktigaste no er å starte ein prosess, sa Sindre Hjelle etter kampen mot Stordal/Ørskog på Stranda stadion onsdagskvelden.