Arrangerer skyttarstemne etter ferien

Etter at det blei avlyst i 2020, er det i år klart for Frendecup på Sunnmøre.

Stemne: Over ferien skal Sykkylven Skyttarlag arrangere Frendecup i baneskyting saman med skyttarlaga i Sunnylven og Hovdebygda og Ørsta. På bildet ser vi Didrik Helstad under skytetrening for Sykkylven Skyttarlag avd. Stranda.  Foto: Even Ørjasæter

Sport

Frå den 27. til 29. august vil Sykkylven Skyttarlag, Sunnylven Skyttarlag og Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag saman arrangere Frendecup tredje runde i baneskyting. Dette melder Per Jarle Tynes i Sykkylven Skyttarlag til Nyss.