Martine Sve til finalen i Europacup

I oktober vil Martine Sve (18) frå Stranda delta i finalen for kvinner senior i ESC cup som ein av dei åtte beste i innleiande skyting.

ESC cup: Martine Sve (18) skal konkurrere i oktober.  Foto: Frank Sve

Sport

Sidan våren 2020 har mykje blitt utsett, avlyst eller rett og slett øydelagt av pandemien vi enno lever i. I oktober var det meininga at Martine Sve og andre norske skyttarar skulle stille til VM i Lima, hovestaden i Peru, men slik blir det altså ikkje. Det har Noregs skyttarforbund bestemt i følgje Kisen Miniatyrskyttarlag.