Klart for storstemne i helga

Skyttareliten i landet kjem til Sunnmøre denne helga når Sykkylven Skyttarlag, Sunnylven Skyttarlag og Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag saman skal arrangere Frendecup tredje runde i baneskyting.

Arrangørar: Leiarane for arrangørklubbane til Frendecup. Frå venstre: Ola Vangen, Sunnylven Skyttarlag, Per Jarle Tynes, Sykkylven Skyttarlag og Kent Werner Riksheim, Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag. Framme er shiba inuen Bamse.  Foto: Even Ørjasæter

Sport

– Det er klart vi er spente, men vi trur dette skal bli eit bra arrangement, seier Per Jarle Tynes, leiar i Sykkylven Skyttarlag til Nyss.