Rekordar sto for fall under Frendecup

I helga blei det arrangert tredje runde av Frendecup i baneskyting på Sunnmøre. Sjølv om Covid-19 førte til at fleire deltakarar ikkje kunne komme, er arrangørane nøgde.

Gode resultat: Ørjan Frøysadal Hauge frå Sunnylven skyttarlag vann klassa eldre rekrutt med 349 poeng og 23 skot i sentrum  Foto: Privat

Sport

Dette melder Per Jarle Tynes og Ola Vangen frå skyttarlaga i høvesvis Sykkylven og Sunnylven. Av forventa 400 deltakarar var det mellom 180 og 200 som kom. Dette sidan fleire måtte melde fråfall grunna koronaviruset.