Stranda fekk bank på bortebane

Etter målfest heime mot Aksla i førre kamp, blei det målfest andre vegen på bortebane mot Blindheim.

Tap: Jonas Flo (nr. 20 i blå drakt) skåra for Stranda borte mot Blindheim, men det hjalp lite. Stranda gjekk på ein smell og tapte 2-5. Bildet er frå kampen mellom Stranda og Ørsta på Stranda stadion.  Foto: Arild Ringdal

Sport

Kampfakta

Blindheim – Stranda 5-2 (1-1)

  • Mål: 0-1 Anders Gangstad Kroken (sjølvmål) (11), 1-1 Johannes Hanken Tjøstheim (15), 1-2 Jonas Flo (58), 2-2 Tommy Nerland Vestvik (62), 3-2 Bjørnar Fjørtoft Johansen (71), 4-2 Fjørtoft Johansen (75), 5-2 Fjørtoft Johansen (85)
  • Gule kort: Stian Mork Skaar, Blindheim og assistenttrenar Bård Forbord og Øyvind Kjellstad Fjørstad, Stranda
  • Dommar: Jonny Dyb, Giske IL
  • Assistentdommarar: Øyvind Johan Heggstad, Spjelkavik IL og Bartlomiej Dulak, Ørskog IL

Førre veke imponerte Stranda då dei knuste Aksla 7–1 på eige kunstgras. Borte mot tabelltopp Blindheim torsdag kveld gjekk det derimot mykje verre, og Stranda måtte reise heim med 2–5 i bagasjen.