Grannederby

I kveld kan du sjå Stranda-Sykkylven på nyss.no

I morgon kan alle fotballentusiastar heimehøyrande på Stranda eller Sykkylven møte opp på Stranda stadion for å sjå grannoppgjeret mellom Stranda og Sykkylven. Kampen vil òg bli streama her på nyss.no.

Nabooppgjer: Kjem Tobias Lillebø Hjelle (blå trøye) på Stranda si scoringsliste mot Sykkylven i morgon?  Foto: Arild Ringdal / arkivfoto

Sport

Sist dei to laga møtte kvarandre var i 2019. Då vann Sykkylven vårkampen med 1–0 etter scoring av Bengt Hole Alnes som vart toppscorar i 5. divisjon dette året. Under haustoppgjeret leia Stranda 3–0 ved pause. Men ein tordentale frå trenar Robert Sogge i pausen fekk sykkylvsgutane til å vakne for alvor. Sykkylven snudde kampen i andre omgang, og scora i tur og orden heile fem mål, og vann til slutt 5–3.