Stranda – Sykkylven er utsett:

– Det er utruleg kjedeleg

Grunna biverknader av covid-19 vaksinen på fleire spelarar hos Stranda er lokaloppgjeret mellom Stranda og Sykkylven utsett.

Hovudtrenar: Kalle Hjelle er trenar for A-laget til Stranda Fotball. Han seier det er utruleg kjedeleg at lokaloppgjeret mellom Stranda og Sykkylven er utsett.  Foto: Johan Behrentz

Sport

– Fleire av spelarane våre tok andre dose av covid-19 vaksinen denne veka, og sju av dei er heilt utslått med biverknader, seier trenar Karl Magnus «Kalle» Hjelle til Nyss.

Klokka 19.00 torsdag skulle A-laga til Stranda og Sykkylven møtest til lokaloppgjer på Stranda stadion i femte divisjon. Grunna sjukdomsutbrotet hos spelarane til Stranda er kampen no utsett.

– Det er utruleg kjedeleg. Vi hadde gleda oss veldig til denne kampen. Vi har òg vore i kontakt med Sykkylven om dette, og dei har stor forståing for situasjonen, seier Hjelle.

Trenaren er også klar på at kampen berre er utsett, og ikkje avlyst.

– Vi speler berre ein kamp for veka, så vi skal nok kunne klare å få gjennomført kampen. Det blir nok om ei helg om ikkje så lenge, tenkjer eg, seier trenar Kalle Hjelle hos Stranda IL.

PS: Nyss vil framleis prøve å få til ein stream av kampen når den blir spelt.