Jenter 16 speler storkamp

NM-kamp i Sykkylven

Det er ikkje kvart år det spelast NM-kampar på Sykkylven stadion, men søndag skal Sykkylven J16 ut i 1. runde av NM J16 Telenor Cup mot Molde FK.
Sport

Medan Molde fekk walkover i sin kvalifiseringskamp mot Elnesvågen, måtte Sykkylven gjennom ekstraomgangar på bortebane mot Herd. Heimelaget er også litt ramma av den pågåande koronasituasjonen i heimbygda, men foreløpig ser kampen ut til å gå som oppsett.