Inviterer til open dag

Laurdag vert det moglegheit til å prøve seg på å spele handball ein dag, for alle barneskuleelevar i Sykkylven. Det vert elles anna aktivitet, framsyningskampar og ei sosial ramme for foreldra som vil vere med.

Aktivitet: Det blir mykje handballmoro.  Foto: Arkiv

Sport

Sykkylven IL si handballgruppe inviterer alle i 1. til 7. klasse i Sykkylven til «Handballens dag». Dette går føre seg i Sykkylven storhall komande laurdag. Det vert delt opp i to grupper, ei for dei yngste og ei for dei eldste. Handballgruppa legg opp til ein dag med mykje aktivitet og handballmoro for alle som er nyfikne på kva det inneber å spele handball.