Stor innsats berga poeng for Stranda

Eit innsatsfylt Stranda-lag kjempa seg til eit poeng mot fysisk sterke Giske.

Duellar: Kampen hadde eit utal frispark, innkast og cornerar. Resultatet var mange duellar framføre måla.  Foto: Arild Ringdal

Sport

Kampfakta

Stranda -Giske 1–1 (1–0).

  • Mål: 1-0 Jonas Flo (15), 1-1 Håkon Mikal Giske (55).
  • Gule kort: Eimantas Simanauskas, Jesper Hoel Røyr og Magnus Aal Løvlid, Stranda. Håkon Mikal Giske, Giske.
  • Dommar: Jan Helge Lund, Godøy IL.

Kampen på Stranda var ein typisk haustkamp i regnbyer, våt bane og nokre vindkast. Dei lette Stranda-spelarane la ein stor innsats for dagen og fekk fortent med seg eit poeng.