Unge gymnastar i nasjonale konkurransar:

– Motiverande og inspirerande

Sykkylven idrettslag (SIL) turn og rytmisk gymnastikk (RG) har endeleg fått delta på konkurransar att, denne gongen to helger på rad.

Premieutdeling: Endeleg kunne gymnastane delta på konkurransar på matta att. Her oppstilt for premieutdeling i finalen.  Foto: Privat

Sport

Det er mange ting som har blitt utsett og avlyst grunna korona. Difor er det no lenge sidan gymnastane har hatt moglegheita til å vere med i turnkonkurransar. Omsider er dei no tilbake på matta.