Møtest til granneoppgjer

Den avlyste fotballkampen mellom Stranda og Sykkylven vert spelt på Stranda stadion i ettermiddag.

Nabooppgjer: Det blir eit spennande oppgjer mellom Stranda og Sykkylven komande søndag. Her ser vi Tobias Lillebø Hjelle (blå trøye) på strandalaget frå ein tidlegare kamp.   Foto: Arild Ringdal

Sport

Fotballkampen mellom Stranda og Sykkylven som skulle ha vore spelt den 9. september vart avlyst då fleire av strandaspelarane vart sjuke etter koronasprøyta. Men no er strandarane friskmelde og klare til å møte Sykkylven på Stranda stadion i ettermiddag.