Storsiger til damelaget

Det unge damelaget til Sykkylven slo til med ein storsiger over Ørsta/Volda 2 på Ikornnes stadion søndag.

Tilbake i sykkylvstrøya: Eli Tandstad Melseth (raud trøye) scora dei fire første måla for Sykkylven.   Foto: Per Bjarte Ludviksen

Sport

Kampfakta

Damer 3. div. Sykkylven – Ørsta/Volda 2 5–0 (2–0 )

  • 1-0 Eli Tandstad Melseth (11)
  • 2-0 Eli Tandstad Melseth (17)
  • 3-0 Eli Tandstad Melseth (70)
  • 4-0 Eli Tandstad Melseth (74)
  • 5-0 Kajsa Langdal Lyshol (90)
  • Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL.
  • Tilskodarar: omlag 100.

Eli Tandstad Melseth gjorde comeback i sykkylvstrøya etter fleire år i andre klubbar og med skulegang. Ho scora dei fire første måla i ein 5–0 siger der også Kajsa Langdal Lyshol sette inn eit flott mål i siste minutt av kampen.