Får Stranda sin første bortesiger?

Stranda tek turen til Ulstein for å møte Hasundgot på bortebane på torsdag.

Stranda skal besøke Hasundgot i Ulstein i sin neste kamp. Her frå kampen mot Sykkylven på søndag, der Stranda vann 1-0.  Foto: Arild Ringdal

Sport

Med sigeren over Sykkylven på søndag ligg Stranda på sjette plass i femte divisjon med sju kampar spelt. Dei har i alt to sigrar, tre uavgjorte og to tap. Begge sigrane til no har kome på heimebane, så Stranda jaktar no sin første bortesiger for sesongen når dei drar til Dimna i Ulstein kommune for å besøke Hasundgot på bortebane torsdag.