Surt bortetap i siste minutt for Sykkylven

Den vonde tapsrekka vil ikkje snu for Sykkylven. Onsdag tapte dei borte mot Vigra.

Tap: Sykkylven gjekk på sitt tredje tap på rappen borte mot Vigra onsdag kveld. Bildet er frå ein tidlegare heimekamp.  Foto: Per Bjarte Ludviksen

Sport

Kampfakta

Vigra - Sykkylven 2-1 (0-1)

  • Mål: 0-1 Bengt Hole Alnes (44), 1-1 Kenneth Kjevik (60), 2-1 Kim Sander Synnes (90)
  • Gule kort: Ola Valaas Jensen-Skare, Anton Øvreberg og Anders Godø Molnes, Vigra og Robin Andreas Jørgensen, Sykkylven
  • Dommar: Jan Helge Lund, Godøy IL
  • Assistentdommarar: Dagfinn Berg Tjervåg, Hasundgot IL og Haakon Javier Tronstad, Valder IL
Sykkylven ser ut til å vere inne i ei vond tapsrekke for tida, med tap i begge dei to førre kampane mot høvesvis Stranda og Ørsta. Ei stund såg det ut til at dei ville kunne snu denne trenden borte mot Vigra, men også her rauk poenga, og det i siste minutt.

Leiing til pause

Då laga gjekk til pause såg alt mykje lysare ut for Sykkylven. Kaptein og storskårar Bengt Hole Alnes sette inn eit mål i det 44. speleminutt, noko som førte til at laga gjekk til pause med 0–1 til Sykkylven. Elles skjedde det ikkje så mykje i denne omgangen, utanom eit gult kort til Vigra sin Ola Valaas Jensen-Skare.