VG trur på salsfest av spelarar hos Bodø/Glimt – så mykje trur dei Sondre Brunstad Fet er verd

Sigeren over Roma gjorde at Bodø/Glimt har blitt lagt merke til ute i fotball-Europa. No trur VG at fleire av spelarane i klubben vil forsvinne i vinter.

Mykje verd: VG-ekspert Tor Kristian Karlsen meiner Sondre Brunstad Fet frå Sykkylven er verd mellom 8-10 millionar kroner.  Foto: Annika Byrde / NTB

Sport

Bodø/Glimt sende sjokkbølger gjennom ei heil fotballverd då dei banka storlaget Roma gule og blå heime på Aspmyra førre veke. No meiner VG sin fotballekspert Tor Kristian Karlsen at fleire av spelarane i klubben kjem til å bli seld allereie i vinter. Han har kome med si vurdering av kor mykje spelarane i klubben er verd. Ni av spelarane til klubben blir prisa til ein verdi av til saman over 130 millionar kroner.