Sprekare enn friidrettsbygda

Under skulecupen i friidrett i Ulsteinvik fekk sykkylvsungdommen vist fram kor spreke dei er.

Mange: Sykkylven ungdomsskule stilte med flest utøvarar under skulecupen i friidrett i Ulsteinvik 9. november. Dei gjekk også av med samanlagtsigeren under arrangementet.  Foto: Privat

Sport

9. november blei semifinalen i skulecup i friidrett arrangert i Ulsteinvik. Dette er ein årleg konkurranse for alle 6. – 10.-klassingar i fylket, der dei konkurrerer i dei tre disiplinane 60 meter, lengdehopp og kulestøyt. Her gjorde Sykkylven ungdomsskule det best av alle, og hamna på førsteplass framføre heimelaget Ulstein på andreplass og Helland frå Vestnes på tredjeplass.