Klar for skisesongen: – Ein må tore å drøyme om ein skal nå langt

Det unge skiløpar-talentet frå Hellesylt er snart klar for skisesongen. I tida før vinteren har Kristine reist på samlingar og trent mykje. – Utanfor skisesongen trener vi faktisk mest, då går det som regel i rulleski og springing, fortel ho.

Skiløpar: Kristine Hjellbakk Hole frå Hellesylt er klar for rennet på Gålå neste helg.  Foto: Privat

Sport

No er skisesongen rett rundt hjørnet og Kristine Hjellbakk Hole (19) har starta med dei siste førebuingane for rennet på Gålå neste helg. Jenta frå Hellesylt er framleis busett i Lillehammer, der ho no tek eit årsstudium i idrettsfysiologi, noko ho synest er veldig kjekt og lærerikt.