Til topps i turnering etter tette duellar

Det vart ei hektisk og intens helg for Sykkylven IL E-sport sine spelarar under SDOK E-sport-turnering i Gomerhuset på Skodje for to veker sidan.

Sykkylvslaga: F.v.: Fredrik Overå, Sondre Nordstrand Fure, Daniel Fiskerstrand, Peder Tynes Fausa, Marcus Aure, Torgrim Hovet Aas, Adrian Loui Lødemel Hansen, William Nordstrand Fure, Ruben Norvik og Arn Hovland.  Foto: Eirik Dalhus

Sport

Arrangøren av turneringa var Sunnmøre Data og Kultur, og det var i alt seks lag som kjempa om premiepotten på 10.000 kroner, og turneringa vart kringkasta live. Sykkylven IL E-sport tok del med to CS: GO-lag (Counter-Strike: Global Offensive); SIL Blå og SIL Raud.