Kven andre enn Sondre!

Målscorar: Sondre Brunstad Fet frå Sykkylven.  Foto: Faksimile VG

Sport

Nok ein gong dukka sykkylvingen Sondre Brunstad Fet opp. I det 25. minutt sette han ballen elegant i mål bak CSKA Sofia sin keeper. Bodø/Glimt tok dermed leiinga over det bulgarske storlaget på Aspmyra stadion til ellevill jubel både i Bodø, og ikkje minst alle TV-sjåarane som fekk oppleve at Sondre har krut i støvlane. Og sjølvsagt også vill i jubel kring om i heimane i Sykkylven! Bodø/Glimt vann full fortent 2–0.