Storsuksess på fotballbana for proffen vår

Sondre Brunstad Fet opplever store augeblikk på fotballbana. Ungguten frå vesle Sykkylven har i år blitt seriemeister for andre år på rad. Han har vore sentral då Bodø/Glimt knuste fotballstorheita Roma med sjølvaste Mourinho på trenarbenken, og scora årets mål i eliteserien kåra av fotballsupporterane.

Ungguten: Sondre med pokal og gullmedalje på flyet heim til Bodø.   Foto: Privat

Sport

– Jau dette har vore eit kjempeår, seier Sondre som stortrivast i Bodø saman med kjærasten Olivia i ny leilegheit med gåavstand til alt. No ventar julefeiring med familien i Vikedalen, men sjølvaste julaftan skal feirast på Brunstad hjå morfaren. Her bør jammen meg julenissen frå Holegardane dukke opp.